Egil om helgas blinkskot: – Eg var på rett plass til rett tid

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Egil Aardal foreviga augneblikket då fullmånen sneik seg forbi Brandsøyåsen laurdag kveld.

DEL

– Eg skunda meg heim og henta fotoutstyret. Bildet er teke frå vestsida av Storavatnet med telelinse mot Brandsøyåsen. Som du kanskje ser står det ein person på toppen med hovudlykt og betraktar den flotte månen. Dette melder Firda.

Egil Aardal har eigen fotobutikk i Florø. På veg heim frå jobb laurdag kveld såg han den store månen snike seg opp bak Brandsøyåsen. Det augneblikket måtte berre forevigast. 

– Månen var stor og fin, og ifølgje månetabellen ca. 99 prosent då eg tok bildet. Eg var på rett plass til rett tid. Månen var berre i denne posisjonen i nokre sekund, seier Aardal.

Applauderer bildet

Bildet er tatt klokka 18.54. Ifølgje kalenderen var det fullmåne natt laurdag, nærare bestemt klokka 01.32.

– Teknisk sett, korleis tek du eit sånt bilde?

– No spør du vanskeleg, men når du zoomar inn med telelinse får du eit endå kraftigare inntrykk. Perspektivet vert pressa saman og gjev ein overdriven effekt, forklarar han.

Då han kom heim la han eitt av bilda ut på Facebook-sida si. I skrivande stund er det delt 13 gongar og likt av 348 personar.

Sildefiske på Reksta

Det flotte vintervêret er også blitt godt portrettert på Instagram dei siste dagane. Fleire har merka bilda sine med emneknaggen #firdafoto. Blant dei er Rekstavillsau. Med solnedgang i ryggen rodde dei ut på sjøen for å prøve fiskelukka. Sjå den video under.

Artikkeltags