Sterkt Fjord1-resultat, og no vil dei samarbeide med NSB

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord, som er bygd i Tyrkia.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord, som er bygd i Tyrkia. Foto:

Oppstart av nye ferjekontraktar sikrar eit godt resultat for Fjord1, men dei har også innleia samarbeid med NSB om reiselivsselskap.

DEL

Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 675 millionar kroner i 2018 av ein omsetnad på 3 102 millionar kroner, og legg bak seg nok eit år med gode resultat. Fjerde kvartal 2018 viser eit resultat før skatt på 121 millionar kroner.

Fjord1 signerte kontrakter for drift av tre store anbod i Møre og Romdal i 2018. Det var Romsdalspakken og Indre Sunnmøre-kontrakta som skal vare i 14 år, medan Nordmørspakken er på 10 år med oppstart 1.1.2020. Den samla verdien av kontraktane er 22 milliardar kroner.

- Vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg, og ved oppstart av nye kontraktar i 2020 vil Fjord1 ha nærmare 30 elektriske fartøy i drift. Frå 2020 er det oppstart av fire store kontraktar der ytterlegare ni samband inngår i tillegg til dagens samband, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i ei pressemelding.

Fjord1 har signert intensjonsavtale med NSB-konsernet om etablering av eit felles nasjonalt reiselivsselskap. Målet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Norge, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme.

- God, sikker og effektiv drift, saman med nasjonal reiselivssatsing vil vere heilt sentralt i åra framover, seier Neteland.

Artikkeltags