Bulgaria, ikkje Bergen

Hanne Dankersten, kommunikasjondirektør i Cargil Norge.

Hanne Dankersten, kommunikasjondirektør i Cargil Norge. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Vi flyttar reknskapsfunksjonar til eit felles service-senter i Bulgaria og det er fem tilsette som blir påvirka av dette.

DEL

Cargill om oppseiingane i FlorøDet presiserer kommunikasjonsdirektør Hanne Dankertsen i Cargill Norge.

Dankertsen viser til at flytting av oppgåver til service-senteret i Bulgaria ikkje berre gjeld i Norge, men i mange av landa der Cargill har verksemd. 

– Det er fem tilsette i Florø, ikkje ti, som blir påverka av dette. Det er trist at ei slik endring får konsekvensar for våre tilsette, som gjennom mange år har gjort ein meget god jobb for oss. Det å samordne funksjoner er imidlertid ein vanlig måte å organisere seg på for store, globale selskap, seier ho, understrekar at dei fem stillingane ikkje blir flytta til Bergen, slik det stod i Firdaposten sitt oppslag.

Ho meiner at informasjonen frå Firdaposten sine kjelder ikkje er rett på dette punktet.

Nyansen er litt annleis:

– Dei blir flytta til Bulgaria, men i ein overgangsperiode vil enkelte oppgåver handterast frå Bergen, forklarer Dankertsen. 

Firdaposten sine kjelder viser at grunna usikkerheit om jobbframtida slutta tre personar i økonomiavdelinga i Ewos i Florø i fjor, medan ein flytta over til jobb hos Cargill i Bergen. Nyleg har ein person sagt opp på dagen, medan den siste av dei fem nyleg oppsagde,  vil vere ferdig i jobben til sommarferien.

Då vil det vere att to personar til å jobbe med lønnskøyring i Florø. 

Hanne Dankertsen presiserer at det ikkje rett at IT-tilsette i Florø har mista jobben. Etter det Firdaposten kjenner til - har to sagt opp etter at Cargill tok over eigarsakapen, utan å bli erstatta. Av dei 13 tilsette som er att, er tre tilsette i Tata Consultant Services (TCS) Tilsette elles ventar på beskjed frå leiinga om si jobbframtid knytt gamle Ewos i storkonsernet Cargill. Som kommunikasjonsdirektøren understrekar - er det det å samordne funksjonar ein normal måte å gjere det på i eit globalt konsern. 

Artikkeltags