Satsar på Sting og E-TEC

Leif Eirik Larsen satsar på Sting og Evinrude E-TEC motorar i stor grad.

Leif Eirik Larsen satsar på Sting og Evinrude E-TEC motorar i stor grad. Foto:

- Vi satsar i år i stor grad på Sting-båtar med Evinrude sine E-TEC G2- motoarar.

DEL

Det fortel Leif Eirik Larsen i Florø Båt og Fritid i forkant av båtmessa,  som blir arrangert i Florø i helga.

– Vi har planar om å stille ut Sting sine modellar 730 FT, 630 FT, 610 S, 530 S og 535 Pro og 470. 535 Pro og 470 er i samme kategori som Øien sine kjende båtar. Det er gode bruksbåtar til fiske eller til tur på hytta, fortel Larsen.

Sting-båtane kjem inn via Frydenbø Marine-systemet, som har lager i Norge. Det er ein stor fordel når ein skal få ein avtale om utstilling av større modellar.

– Sting-båtane er produsert på samme fabrikk som Nordkapp. Solide båtar, som er litt rimelegare enn Nordkapp- båtane,  som på si side er litt meir sofistikert utstyrt, forklarer han.

Flo og fjære 2019

Foreininga Byen Vår Florø ønskjer utstillarar og besøkande velkomen til den årlege, sjarmerande og trivelege båt- og bymessa Flo & Fjære – midt i Florø sentrum 4.-5. mai.

Flo & Fjære er eit arrangement for liten og stor, og for alle med interesse for båtar – og god brygge- og gatestemning. På Florevika Gjestebrygge vil det bli båtutstilling av nye båtar, og også plass til gjestebåtbesøkande. Og det blir trivelege aktivitetar for heile familien – midt i Florø sentrum, Norges vestlegaste by!

Larsen satsar også på å ta med ein Flipper 800 DC, ein ny modell av året som vart vist fram for første gong under båtmessa på Lillestrøm. Som dei andre har dei hatt godt sal i vår/vinter.

– Vi satsar på å ha mykje båtar på sjøen på messa. Florø-messa er kjempeviktig for oss.

– Så du reknar med å få på plass nokre sal?

– Ja. Det er ikkje alltid at du får signert noko kontrakt. Men folk som har sett og prøvd litt og kjent på utstyret, kjem gjerne att i ettertid og fullfører handelen.

Elles har Florø Båt og Fritid god erfaring med Evinrude sine nye motorar E-TEC G2.

– Desse har serviceintervall på fem år, noko som er heilt unikt i bransjen.

Artikkeltags