Døskeland kjem med sju båtar

Døskeland Marine AS sel godt. Butikksjef Andreas Erdal.

Døskeland Marine AS sel godt. Butikksjef Andreas Erdal. Foto:

– Florø-messa er ein viktig plass for oss å vere til stades, seier Andreas Erdal.

DEL

Døskeland Marine frå Sande kjem med full styrke til båtmessa i Florø til helga.

– Vi kjem med sju gode «vestlandsbåtar». Vi har med oss den lokalt produserte Øien frå Stårheim, som vi sel mykje av. Elles har vi med oss Finnmaster-båtar, både Pilot 7 og Pilot 7 Weekend. Elles så har vi med ein stilig franskmann som er sportsfiskarens draum, Ocqueteau, fortel Andreas Erdal.

Gaular-selskapet har lagt Førde bak seg og satsar alt på anlegget sitt på Sande. Det har gitt meir rasjonell drift og lågare kostnader enn å vere til stades i Førde.

Flo og fjære 2019

Foreininga Byen Vår Florø ønskjer utstillarar og besøkande velkomen til den årlege, sjarmerande og trivelege båt- og bymessa Flo & Fjære – midt i Florø sentrum 4.-5. mai.

Flo & Fjære er eit arrangement for liten og stor, og for alle med interesse for båtar – og god brygge- og gatestemning. På Florevika Gjestebrygge vil det bli båtutstilling av nye båtar, og også plass til gjestebåtbesøkande. Og det blir trivelege aktivitetar for heile familien – midt i Florø sentrum, Norges vestlegaste by!

– Vi ligg sentralt plassert ved E39 og vi opplever at det kjem mykje båtfolk innom oss her. Når folk skal kjøpe kapitalvarer som båt, så kvir dei seg ikkje for å køyre litt avstandar for å kike på utvalet. Ved å samle alt i anlegget på Sande greier vi å yte betre service. Så reiser vi ut og gjer oss synlege på messer, som Florø-messa. Den er viktig for oss sidan vi også har mykje kundar i området.

Brorparten av salet er båtar frå 100.000 til opp i 500.000 kreoner. Så sel dei ein del båtar til rundt millionen, og nokre færre i høgare prisklassar.

Båtsalet i vår har tatt heilt av.

– Vi har aldri hatt så bra sal som no og har passert fem mill. i omsetning i berre april månad. Det er noko ein berre kunne drøyme om for få år sidan, slår Erdal fast.

Artikkeltags