Høg temperatur i båtsalet

Leif Erik Larsen i Florø Båt og Fritid.

Leif Erik Larsen i Florø Båt og Fritid. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg veit ikkje om det skuldast vind eller vêr, men det har vore eit løft i marknaden

DEL

Det seier dagleg leiar i Florø Båt og Fritid, Leif Erik Larsen.

– Vi sel båtar jamnt og trutt no. Det er mykje skjærgårsdjeep eller daycruiser, men også ein del pilothouse-båtar. Pilothouse-båtane er gode heilårsbåtar. Sist veke selde eg ein Sting 730 Fast Track. Det er ein flott båt til kring 800.000 kroner.

Også elles i fylket melder forhandlarane om heitt sal no i sommarvarmen. NRK har også snakka med seljar Kurt Hellesen i Solheim Diesel i Florø.

Han fortel om godt sal av "godvêrsbåtar". 

– Skjærgårsjeepar på 14-17 fot går det mykje av. Det er overraskande at det kom så tidleg på sesongen, for dette er båtar vi sel godt av i den vanlege ferietida, fortel han.

Seljar Kurt Hellesen sel båtar som aldri før.

Seljar Kurt Hellesen sel båtar som aldri før. Foto:

Døskeland Marine i Gaular har også opplevd eit renn av kundar og fortel at mai er den beste månaden dei har hatt nokosinne.

Dagleg leiar i bransjeforbundet Nor Boat seier til NRK at mange forhandlarar merkar mai-løftet.

– Våre medlemmer fortel om sal av 20-30 båtar i veka.

Han kan ikkje vise til konkrete sikre tal enno, men meiner at salet så langt i år går langt over fjoråret. Om konsekvensen blir eit løft i båtsalet heile året sett under eitt- står att å sjå.

Artikkeltags