Klart for ein klassikar kommande helg

Øyane Over - Skorpa

Øyane Over - Skorpa Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Klassikaren "Øyane over" tek 12 timar, men er ei spektakulær oppleving.

DEL

Den velkjende turen mellom og over dei fire øyane HOVDEN, BATALDEN, SKORPA og KINN i Flora kommune har snart 40 års jubileum.

Opptur for 10. året på rad. Astrid Eliassen og leiar i turlaget Siv Merete Stadheim.

Opptur for 10. året på rad. Astrid Eliassen og leiar i turlaget Siv Merete Stadheim.

- Klassikaren som står fram som Flora Turlag sin hovudtur i sommarsesongen. Du kan velje om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane, understrekar Astrid Eliassen i Flora Turllag.

Båten går søndag 22.mai frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. I Hovdevågen vert det gitt ei orientering om turen. Turen går over Hovden (5 km), via Vemannsrøysa, 239 moh eller langs sjøen på delvis asfaltert og grusa veg (5 km) til Barekstad.

- Turen langs sjøen vil vere ein roleg og fin start på dagen, medan turen over øya er litt tyngre. Båten går frå Barekstad kl. 09.30 til Batalden – spis gjerne litt før du tek båten frå Barekstad. Grendalaget stiller der med kaffi og kaker på kaia. Til Batalden kjem vi omlag kl. 10.00. Her kan du anten gå til topps (hard stigning 492 moh, 4 km t/r), rusle i fjæra eller gå på kunstutstilling. I ei av buene er det ei utstilling om sildetida. Det er muleg å få kjøpt kaffi og kaker. Mange vel å ta hovudmatpausa på Batalden. Dei mest vågale badar, avslører ho.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg

Astrid Eliassen
 PÅ BLÅKOLLEN, PÅ TOPPEN AV SKORPA.

PÅ BLÅKOLLEN, PÅ TOPPEN AV SKORPA. Foto:

Kl 13.00 går båten vidare til Skorpa. Her kan ein velje å ta turen over Blåkollen (tung tur 392 moh, 5 km) eller gå langs sjøen. Her får ein to valmuligheiter – ein kort (4 km) eller ein litt lengre (7 km) ut til Båsundet.

Turen går vidare til Kinn omlag kl. 15.30 frå Skorpa. Dei fleste går til Kinnakyrkja (2,5 km t/r). Derfrå kan ein anten snu, gå gjennom Høyskaret og rundt øya (5,5 km), gjennom i sjølve Kinnaklova og rundt øya (6,5 km) eller opp på Søre Stauren (luftig 197 moh, 6 km) og tilbake til kaia.

Siste retur frå Kinn kl. 18.30 tilbake til Fugleskjærskaia i Florø til kl. 19.00. Båtane vi nyttar skal inn i ordinær rutetrafikk.

- På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over er dei som er beskrivne ovanfor – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear. Dersom været eller andre forhold tilseie det, kan turleiarane korte ned på turane og gjere ruteendringar, understrekar Eliassen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken