Var ikkje personleg feil

Sylvarnes rende i gjestebrygga i Florø og trefte tre fritidsbåtar.

Sylvarnes rende i gjestebrygga i Florø og trefte tre fritidsbåtar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ingen personar kan lastast for at "Sylvarnes" rende inn i gjestebrygga i juni.

DEL

Det er konklusjonen etter at ekspertisen har sagt sitt.

-Sjøfartsdirektoratet har konkludert med teknisk svikt som årsak til hendinga, stadfestar politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes til NRK.

Det var full utrykking ein fredag i juni , etter meldinga om at eit større fartøy tilhøyrande Fjord1 hadde køyrd inn i fleire båtar i gjestebrygga ved Quality Hotell i Florø sentrum.

Fjord1-båten Sylvarnes mista styringa, og trefte gjestebrygga og tre fritidsbåtar inne på hamna.

Båten var på veg inn til kai, men i staden for å svinge køyrde båten rett inn i kaia og båten som låg der.

Fritidsbåten som vart hardast råka av samanstøyten tok inn vatn og gjekk ned i løpet av få minutt.

LES SAKENE: Fjord1-båt køyrde i brygga

Skal ha vore til service rett før ulykka

– Må redde brygga før Fjordsteam 

Artikkeltags