Skal ha vore til service rett før ulykka

Ein av hurtigbåtane til Fjord1 mista styringa og køyrde inn i gjestebrygga på Florø hamn fredag ettermiddag.

Ein av hurtigbåtane til Fjord1 mista styringa og køyrde inn i gjestebrygga på Florø hamn fredag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er ingenting som tyder på menneskleg svikt, seier politiet.

DEL

Førre fredag køyrde Fjord1-båten Sylvarnes rett i gjestebrygga ved Fugleskjærskaia etter å ha mista styringa. Båten traff både kaia og fleire båtar, men det gjekk hardast ut over ein fritidsbåt som tok i mot den store båten og gjekk ned i løpet av få minutt. Det var heldigvis ikkje nokon i fritidsbåten, men Sylvarnes hadde 12 passasjerar og eit mannskap på tre då uhellet skjedde.

Politiet har no etterforska saka og teke forklaring frå alle dei som var om bord i rutebåten.

– Per dags dato har eg vanskar med å sjå at nokon kan lastast for det som skjedde. Då uhellet først var ute verkar det for politiet som at kapteinen har gjort det han kunne for å avgrense skadane mest mogleg, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved politistasjonen i Flora til NRK Sogn og Fjordane.

Teknisk feil

Det er då mykje som peikar på at det har vore svikt i styresystemet. Blant anna skal kapteinen ha fortalt at han mista kontroll over båten. Politiet fortel og at båten skal ha vore på service like før uhellet skjedde. Under prøveturane fungerte alt som det skulle.

– Sylvarnes er no hos sjøfartsdirektoratet som skal køyre ein gjennomgang av framdrifts- og styresystemet på båten, seier Barsnes til NRK.

- Høyrde smellet

– Vi spratt ut då vi det enorme høyrde smellet. Der stod Fjord1-båten med fronten opp og over gjestekaia. Båten som låg på yttersida av gjestekaia fekk Sylvarnes-båten rett akterenden, seier Tommy Lundmark, som var vitne til hendinga.

– Båten var på veg inn til kai, men i staden for å svinge køyrde båten rett inn i kaia og båten som låg der.

Artikkeltags