Fôr-konkurrentar samarbeider om klimakutt

Skipa som skal frakte Ewos og Skretting sitt fôr, skal segle under namnet «Fjordfrende» fordi selskapa meiner det handlar om å gå saman for fjordvennleg transport. Illustrasjon: Skretting

Skipa som skal frakte Ewos og Skretting sitt fôr, skal segle under namnet «Fjordfrende» fordi selskapa meiner det handlar om å gå saman for fjordvennleg transport. Illustrasjon: Skretting Foto:

Fiskefôrprodusentane Cargill og Skretting inngår transportsamarbeid for å redusere klimautslepp.

DEL

Konurrere når ein må og samarbeide når ein kan, lyder eit kjent mantra frå næringslivet. Det kan komme miljøet til gode.

Cargill (Ewos) og Skretting skal samarbeide om transport av fiskefôr i Norge under namnet Fjordfrende. I staden for å segle langs kysten parallelt samordnar dei no fôrlogistikken frå fabrikk til oppdrettar.

– Vi utnyttar flåtekapasiteten betre og reduserer drastisk vårt miljøavtrykk, seier Fredrik Witte adm. dir. i Cargill Aqua Nutrition Nordsjøen.

Selskapa meiner at den nye samarbeidsløysinga også vil effektivisere transporten og auke servicenivået for norske havbrukarar.

Cargill-direktøren Fredrik Witte (t.v) og Skretting-direktøren Erlend Sødal lovar framleis hard konkurranse på fiskefôr, men at et transportsamarbeid vil gje meir effektiv fiskefôrdistribusjon og mindre utslepp av klimagassar.

Cargill-direktøren Fredrik Witte (t.v) og Skretting-direktøren Erlend Sødal lovar framleis hard konkurranse på fiskefôr, men at et transportsamarbeid vil gje meir effektiv fiskefôrdistribusjon og mindre utslepp av klimagassar. Foto:

–  Vi skaper no eit effektivt system og ein betre distribusjonsmodell. Lastekapasiteten blir betre utnytta, seglingane blir kortare og investeringsmoglegheitene aukar, seier Erlend Sødal adm. dir. i Skretting Norge.

Selskapa vil samarbeide vidare med dei eksisterande transportselskapa, AquaShip/Artic Shipping, Rotsund og Eidsvaag.

– De er leiande innan sjøtransport. Eksisterande kontrakter vil videreførast. Det nye er at vi får ein felles planleggingssentral der reiarlaget Eidsvaag får ansvaret for planlegging og handtering av transporten. Dette vil sikre den smartaste transporten,  som vil komme både miljøet og havbruket til gode, seier Witte i ei pressemelding.

Artikkeltags