Mjelde & Huseklepp gler seg til bataljen om Vestlandet

Erik Huseklepp og Åsane kjem til Florø søndag. Då er det duka for kampen om Vestlandet.

Erik Huseklepp og Åsane kjem til Florø søndag. Då er det duka for kampen om Vestlandet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Florø Fotball speler sin 27. Obos-kamp for sesongen klokka 15.00 på søndag. Motstandaren i den nest siste heimekampen er Åsane, det næraste vi kjem ein lokal rival for Florø i år. Heimelaget er no på 8.-plass og Åsane fem poeng lenger ned på ein 12.-plass. Men laget frå Nordre-Bergen vann oppgjeret i fjor der Stimen mobiliserte stort for første gang.

No vil nok både Florø Fotball og Stimen vise oransjetrøyene kor skapet skal stå. Åsane hadde åtte kampar utan siger før dei i førre runde vann mot Elverum heime. Florø gjorde ein god innsats borte mot Bodø/Glimt sist og verkar å vere tilbake etter ein heller tung haustperiode. Dei vil nok revansjere seg når dei møter det nest dårlegaste bortelaget på heimebane søndag.

Er litt spent

Florø-trenar Terje Rognsø fortel han er spent før Åsane-kampen.

– Det har vore eit håplaust vêr i det siste, men det ser ut til at det skal bli betre i helga. Det blir tungt på grasmatta og vi føler at vi har noko å revansjere, seier han.

Eg har god tru på at vi skal kunne slå tilbake og revansjere tapet for Åsane 16. mai

Terje Rognsø, hovudtrenar Florø Fotball

16. mai-tapet meiner han var ufortent.

REVANSJ: Terje Rognsø likar ikkje å tape. No søndag vil han revansjere tapet for Åsane 16. mai.

REVANSJ: Terje Rognsø likar ikkje å tape. No søndag vil han revansjere tapet for Åsane 16. mai. Foto:

No i haust har dei fått inn Erik Huseklepp i angrepserekka. Han har fem mål og fleire målgivande på dei åtte kampane han har spelt. Men sjølv om Åsane er forsterka meiner Florø-trenaren at Florø har det som skal til for å trekke det lengste strået.

– Eg har god tru for at vi skal slå tilbake. Det er eit lag som har spelt med stort press i det siste. No har dei fått litt luke, men er ikkje sikra. Dei har fem færre poeng enn oss og slit nok ikkje med motivasjonen. Vi har pludra mykje dei siste seks vekene. Men no synest eg vi er på gang igjen. Den spelemessige utviklinga frå 2.-omgangen mot Ranheim og bortekampen mot det suverent beste laget i divisjonen, Bodø/Glimt lovar godt.

Best på sjansar

Florø er utanom Bodø/Glimt det laget som har skapt flest sjansar, men er av dei laga i botn når det gjeld å få uttelling på dei.

– Dette handlar om tempoet. Tida du har i det du skal avslutte er vi ikkje vande med. Scoringssnittet på dei bak Endre Kupen er ikkje godt nok slik eg ser det. Så er det litt stang inn og stang ut frå kamp til kamp. Men vi skapar mange sjansar, og det må vi berre halde fram med. 

– Ser du på Åsane som sjølvaste rivalen?

– Åsane blir ikkje eit nytt Førde om det er det du tenker på. Men det er fleire spelarar her som vi har møtt oftare, likevel klarer eg ikkje å sjå noko meir utover det.

Tapet mot Åsane 16. mai i år er det verste tapet i mitt liv.

Jon Håvard Strømsnes, leiar i Stimen
 

– Verste tapet i mitt liv!

Stimen-sjefen Jon Håvard Strømsnes meiner heilt klart at dei oransje Bergensarane er den store rivalen. Han fortel tapet for Åsane i år var det tyngste tapet han kan hugse.

– Det verste tapet eg har opplevd. Er det ein kamp vi skal vinne så er det mot Åsane på søndag. Tapet 16. mai, på bursdagen til Florø, var frykteleg. Vi reiste 300 i buss til Åsane og tapte. Dette er sjølvaste Vestlandsderbyet for oss, så det var tøft. Men no skal vi snu skuta, vi er alt i gang, og med siger søndag klarer vi 12 poeng på dei fire siste, kjem det får Stimen-optimisten.    

Huseklepp gler seg

Klassespelaren Erik Huseklepp har levert ifrå start av etter at han gjekk til Åsane. Han var ikkje med i førre kamp mot Elverum då han har slite med ein lyskeskade, men er på plass i Florø på søndag. Og han gler seg.

Eg har vore mykje i Florø, mellom anna på treningsleir med Brann, og eg likar meg veldig godt i den byen

Erik Huseklepp, Åsane Fotball

– Eg har vore mykje i Florø då eg var i Brann og likar meg veldig godt, seier Huseklepp. Han gjekk frå Brann til Haugesund, og kunne komme billeg tilbake til Brann, noko han sjølv kunne tenke seg. Men Brann ville ikkje ha han.

BRANN SA NEI: Erik Huseklepp kunne gått billeg frå FK Haugesund tilbake til Brann, men Brann sa nei. Søndag er Huseklepp tilbake i Florø, men denne gongen i Åsane-drakt.

BRANN SA NEI: Erik Huseklepp kunne gått billeg frå FK Haugesund tilbake til Brann, men Brann sa nei. Søndag er Huseklepp tilbake i Florø, men denne gongen i Åsane-drakt. Foto:

– Sånn er det, og det må eg berre finne meg i. Eg meiner eg har mange år igjen på fotballbana, seier 33-åringen som har scora fem mål på åtte kampar for Åsane i haust. At det er gras i Florø likar han.

– Eg har spelt på gras heile livet, så det er då eg likar meg best. Vi spelte dessutan uavgjort mot Sandnes borte på gras, så det er ikkje noko ulempe for oss akkurat, seier han.

– Eg er imponert, men ikkje overraska over Florø

Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde fortel han ikkje er overraska, men likevel imponert av det Florø Fotball har fått til i år.

– Florø har gjort ein kjempesesong. Dei er eit lag med storvokste spelarar som er sterke på dødballar, så har dei ballsikre spelarar som Aase-brørne. Dei har ekstremferdigheiter på fart med Endre Kupen og Rashad Mohammed før han forsvann. Så eg er imponert, men ikkje direkte overraska av det Florø har fått til. Dei har kvalitetar i laget, poengterer Mjelde. Han ser ikkje på møtet med Florø på søndag som eit lokaloppgjer.

– Det er ikkje eit lokalderby no på søndag, men eit Vestlandsderby er det jo, og vi gler oss, seier Mjelde. Han fortel at spelarane gler seg til å spele på gras igjen.

– Vi er jo eit gammalt graslag, og med berre tre lag i divisjonen (Florø, Sandnes Ulf, Jerv) med gras så gler spelarane seg og ser fram til desse kampane, seier Mjelde.  

Litt utskiftingar i laget blir gjort etter sigeren mot Elverum på søndag. 

– Vi har nokre spelarar som var usikre førre kamp, og dei er tilbake, og det er nokre som har karantene. Det er nokre i pluss og nokre i minus.

Mons Ivar Mjelde meiner Åsane må kjempe knallhardt dei fire neste kampane for berge plassen i divisjonen.

Mons Ivar Mjelde meiner Åsane må kjempe knallhardt dei fire neste kampane for berge plassen i divisjonen. Foto:

- No er det fire kampar igjen, og de ligg på 12.-plass. Kjenner du deg trygg på Obos også neste år?

– Nei. Vi er verken teoretisk eller i praksis klare og må fighte knallhardt dei fire siste kampane for å klare oss. Vi vil gjerne avklare divisjonsstatusen så tidleg som mogleg. Sigeren søndag mot Elverum, som var i nærleiken av oss på tabellen var veldig viktig. No handlar det om å overleve for oss og det visste vi på førehand.

- Har det vore viktig å få Erik Huseklepp inn i spelargruppa?

– Ja det vil eg seie. Han er ein spelar med utstråling. Han har kvalitetar og han tek ansvar. Det har vore positivt at vi fekk hæve til å få ein spelar av slikt kaliber inn i klubben.

- I Åsane er det berre nordmenn, er dette bevisst?

– Ja vi har ein bevisst profil. Vi skal vere unge og vi skal vere lokale. Det er viktig for oss. Vi er av dei få klubbane i Norge som ikkje har utanlandske spelarar. Eg trur både eg og Åsane kunne hatt ein ung og lokal profilen sjølv om vi hadde hatt ein eller to utanlandske spelarar. Odd er eit eksempel på dette. Dei har mange spelarar frå Telemark, men hadde likevel tre utlendingar i front. Finn vi dei rette typane kan vi også ha eit par spelarar utanfrå, men aldri fem-seks, slår han fast.

Oliver og Monir ute, Runar er usikker

Oliver Rotihaug har fått eit komplisert armbrot og er ute. Det er konstatert at Monir Benmoussa fekk ein korsbandskade i siste heimekamp og går ein lang periode i møte som skadd. Runar Hove er dessutan usikker før bataljen mot Åsane 15.00 søndag. 

Artikkeltags