– Vi er litt for heite i dag

1-0 MÅLET: Florøspelarane har rydda veg for Runar Hove i feltet som her enkelt set 1-0 i nota etter 37 minutt.

1-0 MÅLET: Florøspelarane har rydda veg for Runar Hove i feltet som her enkelt set 1-0 i nota etter 37 minutt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Florø - Raufoss 1-1At det er stor konkurranse om plassane i laget var tydeleg då Florø møtte Raufoss frå Toten i den siste treningskampen før seriestarten mot Jerv neste søndag.

– Det går litt på tekniske ferdigheiter og ein del unødvendige balltap som eg ikkje er så nøgd med. Men vi er nok litt for heite i dag, seier trenar Terje Rognsø etter kamp.

Han hadde ei høne å plukke med dommarane for nedsablinga av Peter Aase etter ein halvtime. Raufoss sin Armin Agonovic fekk det gule, men dei tøffe taklinga av Aase meinte dei 200 på tribunen burde vore raudt.

Ikkje uroa

UPRESIST: Terje Rognsø meiner Florø vart litt for heite då Raufoss var motstandar på kunstgraset i Florø laurdag.

UPRESIST: Terje Rognsø meiner Florø vart litt for heite då Raufoss var motstandar på kunstgraset i Florø laurdag. Foto:

Rognsø var ikkje noko uroa sjølv om Raufoss kom tilbake og utlikna til 1–1 tre minutt før full tid.

– Vi er såpass mykje betre enn dei i dag. Som sagt går det litt på tekniske ferdigheiter. Vi har så mange legg og involveringar inne i boks som vi ikkje får uttelling på at eg er ikkje uroa for det som møter oss neste søndag, seier han.

Runar Hove som spelte sin andre kamp etter serieavslutninga i fjor, verkar absolutt klar. Etter 37 minutt gjer Florø ein innøvd variant på corner der Husa serverer frå høgre. Hove ruvar i feltet og stangar inn 1–0. Raufoss var heller ikkje ufarlege, men forsvaret var kompakt og heilt bakarst i buret gjorde Nicklas Frenderup to kjemperedningar som sikra nullen til pause.

Med rette skulle det vore 2–0 til kvilen. Det var Endre Kupen som gjorde ein klasseflikk til Stefan Aase som skaut på innsida av stolpen og inn. Men keeper trekte ballen ut på streken igjen og dommaren vinka spelet vidare.

– Den var inne, kom tydeleg frå Kristoffer Ryland, noko Raufoss keeperen meir eller mindre stadfesta til oss bak målet.

Høgre tempo  

I andre omgang set Florø opp tempoet. Men sjølv om dei presser gjestane, lukkast det ikkje heimelaget å punktere kampen.

– Dette er eit føre som vi i utgangspunktet liker. Vi får ballen til å gå hurtig, men det er denne presisjonen eg har peika på som del i laget manglar i dag, kjem det frå Rognsø. 

Han meiner også dei mangla duellstyrken til Erlend Hove i lufta. Han hadde trekt ei tann og var ikkje klar mot Rufoss, men han skal kunne vere kampklar til helga igjen. 

I staden for at Florø fekk det andre målet er det gjestene som kjem åleine med keeper tre minutt før full tid. Linjemannen vinkar for offside og Florøspelarane stoppar opp. To spelarar kjem åleine med Frenderup som er sjanselaus.

– Dommaren meiner Raufosspelaren ikkje er del av spelet, men er du ikkje med i spelet om du hoppar over ballen? spør assistenttrenar Geir Rindheim og ristar på hovudet.

– Vel så gode som Elverum

Raufoss-trenar Christian Johnsen var nøgd med kampen dei gjennomfører og meiner Florø har kvalitetar til å halde seg i Obosligaen.

– Dei var betre enn oss i dag. Dei er raske, god struktur i spelet og held høgt tempo. Vi har spelt mot Elverum, som dei kjem til å møte i serien i år, tidlegare i vinter og eg meiner Florø er på nivå, kanskje vel så gode som dei, seier Johnsen.

- Slik vi vil ha det

Florøtrenaren meiner det var fleire som meldte seg på i kampen om å spele mot Jerv, men meiner også det var andre som ikkje fekk det så godt til.

- Vi har god konkurranse om plassane, og på treningane fram til søndag skal vi sjå kven som er klare og kven som startar, seier han.  Denne veka skal han ha fokus på Jerv og kva det er venta at dei vil komme med til Florø.

– Jerv er ikkje så store i namnet, men dei var åtte minutt unna å bli eit eliteserielag i fjor, så vi veit at det blir ein tøff kamp. Men som sagt, eg er ikkje uroa sjølv om vi ikkje vann i dag, avsluttar Rognsø.

Florø - Raufoss 1-1 (1-0)

Florø Stadion kunstgras

Tribune: ca 200

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Mål:

1-0 Runar Hove (37. min)

1-1 Emilie Noe Dadjo (87. min)

Gule kort:

Armin Aganovic, Raufoss,

Endre Kupen , Florø

Artikkeltags