– Det blir julemarknad i by'n!

Julemarknad: – Her blir episenteret for juleglede i heile Flora kommune, seier Per Øyvind Helle Byen Vår Florø. Saman med ordførar Ola Teigen, Barbro Furset i Byen Vår Florø, Monicha Landøy i Byakvariet og kultursjef Roald Leivestad lovar han garantert julestemning i byen i desember. Foto: Linda Regina Bruvik

Julemarknad: – Her blir episenteret for juleglede i heile Flora kommune, seier Per Øyvind Helle Byen Vår Florø. Saman med ordførar Ola Teigen, Barbro Furset i Byen Vår Florø, Monicha Landøy i Byakvariet og kultursjef Roald Leivestad lovar han garantert julestemning i byen i desember. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: I desember blir det julemarknad i Torggata, med fokus på kvalitet, nostalgi og ekte julestemning – og noko for alle sansane.

DEL

– Vi skal skape julestemning for små og store, unge og eldre. Den gode, ekte stemninga som ein hugsar frå då ein var liten, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

– Dette blir ikkje noko «plastic fantastic» glorete Disney-jul. Det blir nedpå, ein stad der ein kan stoppe opp, senke skuldrene, og kose seg i førjulstida. Det blir kvalitet, smak, lukt og kreativitet, seier Barbro Furset i Byen Vår Florø.

Buer og aktivitetar

Torggata skal vere gågate, og her blir det sett opp eit telt og seks større salsbuer med lokale kvalitetsprodusentar. Det blir musikk og ulike aktivitetar, sal av tradisjonsmat og husflid, vising av julefilmar, servering av brente mandlar, glaserte eple og gløgg og julepølse-kurs, for å nemne noko.

På byakvariet blir det juleverkstad for barnefamiliar, med ein imponerande materialbuffet. Her kan ein lage julepynt og gåver i alle tenkelege variantar. – Og i teltet blir det mange praktiske aktivitetar, som spikking for barn og kakemann-dekorering i regi av Florø bakeri, fortel Per Øyvind Helle.

Florø filmklubb skal også vise julefilmar i teltet.

På marknaden kjem Abbel tradisjonsmat frå Davik, det gjer også Fjord gardsmat frå Holmedal og Reksta Villsau. Og ein kan kjøpe handlaga produkt som kan bli flotte julegåver.

Ta kontakt!

– Alt er ikkje på plass her, så dei som kunne tenke seg ei bod på marknaden eller å underhalde i teltet må berre ta kontakt. Vi håpar mellom anna å komme i kontakt med lefse- og flatbrødbakarar, seljarar av juletre, julenek og julebakst, seier Per Øyvind Helle.

Dei håpar også å komme i kontakt med folk som kan låne ut gamle, fungerande togsett, eller bevegeleg juledekorasjonar eller leikar, som ein kan nytte i ei juleutstilling.

For kven hugsar vel ikkje nissen på Landbruk, og juleutstillinga til Urmaker Moe?

Kulturinnslag

– I tilknyting til marknaden har vi også ambisjonar om eit omfattande kulturprogram, med film, dans- og musikkinnslag. Vi skal vere ein levande julekommune, seier kultursjef Roald Leivestad.

Det skal også satsast på stemningsskapande lyssetting og dekorasjon. Til prosjektet har ein fått pengar frå dei kommunale INU-midlane, og frå Botnaneset Industriselskap, fortel ordførar Ola Teigen.

Julemarknaden vert arrangert i Florø sentrum 1. - 3. desember og 9. og 10. desember.

Inspirert av Egersund

I Egersund har dei hatt suksess med juleby og – marknad i 13 år, og Florø-arrangementet er inspirert av deira arbeid.

Kultursjef Roald Leivestad og ordførar Ola Teigen var på ekskursjon til Egersund i fjor og besøkte julemarknaden der.

No vil dei på sikt skape eit liknande arrangement, og vil bygge stein på stein i alle fall dei neste fem åra. Ideen kom frå Reidar Brandsberg, som er frå Egersund, og han sette oss i kontakt med sentrale personar der, fortel Leivestad.

Julemarknad: Slik ser det ut på marknaden i Egersund. Foto: iEgersund.no

Julemarknad: Slik ser det ut på marknaden i Egersund. Foto: iEgersund.no

Artikkeltags