Nytt bølgevarsel for Vestlandet

Artikkelen er over 2 år gammel

Kystverket har no lansert ein eigen interaktiv varslingsteneste for bølger, som alle kan bruke. Det er meldt om bølger på rundt 7 meter i Florø- og Bremanger-området i julehelga.

DEL

Ein ny varslingsteneste for bølger er no klar for heile Vestlandet. Uvêr og storm pregar julehelga og det er varsla ein maksimal bølgehøgde på over 20 meter på strekninga mellom Utvær og Stad. Dette er varsel som er langt fram i tid, og kan bli korrigert av seinare varslar dersom havbølger og vind endrar styrke eller retning.

Det er BarentsWatch og Kystverket som no har utvida sitt bølgevarsel til å dekke nye område på Vestlandet. Dei nye dekningsområda er i ytre strøk av Hordaland og Sogn og Fjordane: Bølgevarsel

Bølgevarselet er eit interaktivt kart der ein kan søke på farleder og zoome inn på ønska områd. Piler i ulike fargar viser bølgehøgde, og ein kan vise kartet som sjøkart, enkelt vektorkart eller gråtonekart.

Ein kan også velge vêrstasjonar på kartet, for å sjå vindretning og vindhastigheit basert på data frå Meteorologisk institutt og Kystverket.

Ved Ytterøyane er det torsdag føremiddag meldt om stiv kuling og vind på 15,2 meter per sekund.

I kartet kan ein sjå piler som viser retning og styrke på bølgevarslene, og isolinjer som angir bølgehøgde på same måte som høgdekoter i eit kart.

Farleiene er markert med blå strekar, og ved å klikke på dei kan ein shå bølgehøgdeprofil for heile farleia. Under kartet er det også ein tidsvelgar der ein kan velge inntil 42 timar fram i tid.

Bølgevarselmodellane er utvikla og driftast av Uni Research Polytec AS for KystverketBarentsWatch får utvikla visning og presenterer varslane på webportalen barentswatch.no.

Bølgevarslene er no i ferd med omfatte store delar av kysten. Nordland sør for Salten og Jæren-Lindesnes er planlagt publisert rett over nyttår, og Lindesnes-Oslofjorden første kvartal 2017.

Artikkeltags