Tek eit ekstra år i Bremanger

Lektor Simon Malkenes får varsler  og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Lektor Simon Malkenes får varsler og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Foto:

– Eg har sett meg nøydd til å seie opp stillinga mi ved Ulsrud vgs.

DEL

Det fortel den landskjende lektoren Simon Malkenes på Facebook-sida si. Han har teke seg eit friår frå Oslo-skulen og bur saman med familien sin i ytre Bremanger.  Han har vakse opp i Florø, men har sterke familiære band til Bremanger.

– I februar i fjor søkte eg om permisjon uvitande om kva som var i vente. Etter purring fekk eg permisjonen innvilga i mai. Etter alt som har skjedd føler eg meg ikkje klar til å gå tilbake til Ulsrud enno. Eg søkte derfor om forlenga permisjon i eit år til. Det blei avvist av rektor, fortel han.

Han peikar på at fjorårets kontroversar om utviklinga i Oslo- skulen har fått heilt ulike utfall for dei involverte.

– Nokon får sluttpakkar og framleis millionløn, andre får ikkje forlenga permisjon utan løn, konstaterer han.

Han har fått mykje støtte frå lærarar landet over. I fjor gjekk folk i tog 1.mai med bilde av Simon Malkenes.

– Fantastisk å oppleve. I morgon er det første mai og eg føler at det framleis er mykje att å kjempe for. Stå på, lærarar!

Eit år til

– Så no blir de i Bremanger eit år til?

– Ja, no tek vi eit år til. For meg var det å komme hit som å komme heim. Vi trivest godt her, seier han til Firdaposten.

På nasjonaldagen skal han halde 17. maitalen på folkefesten i Bremanger, medan dottera hans Anna skal halde tale ved kyrkja der fiskarminnesmerket og minnestøtta for dei falne under krigen står.

– Det blir litt spesielt sidan bestemor mi, Amanda Igland, leia an i å få reist fiskarminnesmerket.

Debatten i Oslo-skulen

Malkenes har i fleire år vore eit tydeleg stemme i det offentlege rom og han har ytra seg veldig tydeleg om kritikkverdige forhold og utviklinga i Oslo-skulen. Den såkalla Malkenes-saka utvikla då Malkenes ytra seg i Dagsnytt 18, der han skildra ein kaotisk skuletime. Han brukte forbokstavar på elevar i si skildring av ein kaotisk skuletime. Han meiner at ordninga med fritt skuleval i Oslo har mykje av skulda for dei kaotiske tilstandane.

Elevane kjende seg krenka og reagerte gjennom eit lesarinnlegg i Aftenposten. Rektor ved Ulsrud vidergåande skule oppretta personalsak på Malkenes. Han har fått Fritt Ords Honnør og andre prisar for å vere ein uredd samfunnsdebattant.

Artikkeltags