Nytt biltjuveri i Florø

Laurdag morgon kom meldinga om nok eit biltjuveri i Florø.

DEL

Før jul var det fleire tilfelle av biltjuveri i Florø, og politiet i Sunnfjord gjekk ut og ba folk om å låse bilane sine.

– I det siste har det vore fleire tilfelle av tyveri av køyretøy. Ikkje gå ifrå bilen på tomgang, eller avslått med nøklane i, sjøl om du «berre skal innom butikken» eller anna. Lås alltid bilen! skreiv Politiet i Sunnfjord på si Facebook-side i desember.

Onsdag kom meldinga om nok eit biltjuveri i Florø, og politiet oppfordra då folk på nytt om å låse bilane sine, og ikkje la nøklane stå i tenninga.

Og laurdag skjedde det igjen. Rundt klokka 09.30 laurdag morgon fekk politiet melding om at ein bil var stolen i Florø.

Ikkje lenge etter kom det melding om nasking i ein butikk. Politiet rykte ut, og det viste seg å vere den same personen som stod bak begge hendingane. Den stolne bilen var parkert utanfor butikken.

– Politiet rykte ut og då stod den stolne bilen utanfor. Så viste det seg at mannen i butikken også var den same som hadde stole bilen, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til Firda.

Mannen vart tatt med til Florø politistasjon for avhøyr.

– Per no har ikkje jourhavande i politiet bestemt kva som skjer vidare med mannen, seier Rebnord.

Det er per no uvisst om dette har nokon samanheng med biltjuveriet tidlegare i veka, men dette er noko politiet vil sjå på.

Det var NRK som først melde om hendinga.



Artikkeltags