– No skal all politiposten til Florø

GOD STEMNING: Ny seksjon i Vest politidistrikt vart opna måndag. F.v. Floraordførar Ola Teigen, seksjonsleiar Gerd Irene Råheim, leiar for virksomhetsstab og prosjektleiar for flyttinga, Trond Arne Aglen og politimeister Kåre Sognstad.

GOD STEMNING: Ny seksjon i Vest politidistrikt vart opna måndag. F.v. Floraordførar Ola Teigen, seksjonsleiar Gerd Irene Råheim, leiar for virksomhetsstab og prosjektleiar for flyttinga, Trond Arne Aglen og politimeister Kåre Sognstad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sju nye stillingar etablert i FlorøSidan operasjonssentralen vart sentralisert til Bergen og Florø stod ribba tilbake, lova den nytilsette politimeisteren Kåre Songstad at han skulle fylle politihuset med nye funksjonar og aktivitet.

Det var berre tre dagar inn i stillinga til den nye politisjefen at den lovnaden kom. Dette var tidleg i politireform-prosessen og noko det skulle gå prestisje i.  

Det har vore viktig for meg å bli trudd på at eg vil fylle politihuset med aktivitet igjen

Kåre Sognstad, politimeister Vest politidistrikt

- Eg hugsa det var 5. januar 2016, for eg hadde bursdag då, seier ordførar Ola Teigen. Sidan den gong har Teigen utolmodig site på skuldrane til politimeisteren og minna han på lovnaden om å levere kompetansearbeidsplassar til politihuset i Stranda.

Merkedag

I dag var politisjefen i Florø på ny. No hadde han med seg ein ny seksjon. Med den sju nye kompetansearbeidsplassar. Seksjon for dokumentforvaltning og arkiv, som er ein del av stab for virksomhetsstyring (SVS), skal no ligge i Florø.

Leiar for virksomhetsstab, Trond Arne Aglen kalla det ein merkedag det var grunn til å feire. Han påpeika også det unike i at Vest politidistrikt, som einaste politidistrikt i landet, har valgt å desentralisere Post og arkivtenesta utanfor administrasjonsstaden. Fleire av dei tilsette i denne seksjonen har også valgt å flytte nordover frå Bergen etter at jobbstaden no er blitt Florø.

Blir med

SJEFSLOKALE: Den nye seksjonen tek mellom anna i bruk kontoret der politimeisteren sat i Florø før. - Dette skal bli veldig bra, seier seksjonsleiar Gerd Irene Råheim her utanfor prydkontoret til nytilsette Eivind Stølen i hjørnet mot vest.

SJEFSLOKALE: Den nye seksjonen tek mellom anna i bruk kontoret der politimeisteren sat i Florø før. - Dette skal bli veldig bra, seier seksjonsleiar Gerd Irene Råheim her utanfor prydkontoret til nytilsette Eivind Stølen i hjørnet mot vest.

- Det er klart at det er ei omstilling når vi fekk beskjed om at seksjonen skulle flyttast. Vi har også hatt valet om å la vere å bli med vidare. Men eg meiner det er eit så interessant fagfelt å jobbe med, at eg ville vere med, seier leiaren for seksjonen Gerd Irene Råheim. Ho er halvt Viksdøl og skal no jobbe i Sunnfjord sjølv om ho vil pendle mellom Florø og Bergen.

No er flyttinga gjennomført og frå og med denne veka vil alt av post og dokumentbehandling for hele Vest politidistrikt handterast frå Florø. Det betyr at det innarbeidde postboks 285 Bergen no blir lagt ned. All post til politidistrikt Vest kjem no til Florø og Politidistrikt Vest, Postboks 285, 6901 Florø.

- Er det nokon som har sagt i frå til Posten, spurde Songstad vel vitande at posten til Florø truleg vil bli femdobla frå og med i dag.  

Det kjem meir

Politimeister Songstad fortel at han ikkje på nokon måte er ferdig med å fylle politihuset i Florø med aktivitet. Post- og arkivseksjonen er stabsfunksjonar og ikkje direkte retta mot politiarbeid, så Songstad ser føre seg å gi miljøet i Florø også fleire politifaglege oppgåver. Det meiner han vil vere rett.    

- Eg har jo lagt hovudet på blokka med lovnaden om å gi Florø nye oppgåver, men det har også vore viktig for meg å bli trudd på at eg ønskjer å tilbakeføre aktivitet til Florø og Sogn og Fjordane, spesielt etter at florømiljøet mista operasjonssentralen, påpeikar Songstad.

Ordførar Ola Teigen gav ros til politimeisteren for å halde ord, men han var klar på at dette var eit delmål og at han på vegne av miljøet i Florø hadde ambisjonar om store oppgåver.

Politimeisteren kunne i denne samanhengen fortelle at Sogn og Fjordane blir oppfatta som å vere "framme i skorne" på ny teknologi. Men ville ikkje vere konkret på nye oppgåver Florø vil kunne ta meir del i framover.

- Det er litt for tidleg enno, avslutta han. 

Artikkeltags