Tapte trass full dominans i banespelet

Artikkelen er over 2 år gammel

Jubelen på stadion stilna fort då linjemannen markerte for offside. Ei avgjersle trenarapparatet til Florø meiner var feil.

DEL

Til trass for tidvis total dominans i banespelet frå Florø var det Arendal som kunne gå til pause med to null-leiing på eige gras. Ein fyrste omgang der gjestane spelte flott fotball fram til det byrja å nærme seg 16-meteren, og i andre omgang fortsette det i same sporet for Florø-laget.

Ikkje kva, men kven

I årets første intervju etter tap i OBOS-ligaen var det ein skuffa, men fatta Terje Rognsø som møtte pressa i Arendal:

– Det er spesielt, men det er jo dette som er fotball. Det er mykje bra spelemessig, men i dag spretter ballen deira veg eit par gonger. I dag manglar vi Endre Kupen. Vi trengde ein bokseopnar som er god feilvend, så vi sakna Endre.  Det fyrste målet er tilfeldig, medan 2–0 rett og slett er for dårleg av oss, fortel Rognsø.

Midtvegs i andre omgang er Stefan Aase først framme på ein retur og sett inn reduseringa. Dessverre stilna jubelen fort, då linjemann markerte for offside. Ei avgjersle som ikkje stemmer, har Rognsø fått fortalt.

– Eg har fått nokre rapportar på at reduseringa ikkje er offside, så det er litt bittert. Vi har hatt nokre avgjersle i 16-meteren som ikkje har gått vår veg dei siste kampane.
 


Ringrev som avgjorde

Petar Rnkovic har spelt i klubbar som Strømsgodset og Mjøndalen, i dag var han framme og avgjorde kampen for Arendal.

– I første omgang hadde vi meir enn nok med å halde følge med Florø, men vi får det første målet og då blir det enklare. I andre omgang får vi kampen inn i vårt spor. Florø er ikkje noko dårleg lag, og var frykteleg vanskeleg å spele mot. Florø står ikkje noko tilbake i forhold til dei andre kampane vi har spelt så langt, så eg trur dei har veldig gode moglegheita for å halde seg, fortel Rnkovic.

Arendal - Florø

  • 2-0 (2-0)
  • Stadion: Arendal Kunstgress
  • Arendal (4-3-3) Anders Gundersen – Matias Fjeldal Olsen, Marius Andersen, Sune Killerich, Victor Anders Löfgren (Sven Fredrik Stray 46 min)– Jakob Rasmussen, Ylldren Ibrahimaj, Dejan Corovic (Wilhelm Pepa 86 min) – Tobias Olsvik, Mohammad Adnan (Tobias Henanger 71 min), Petar Rnkovic
  • Florø (4-3-3): Nicklas Frenderup, André Frøyen Reksten, Vegar Gjermundstad, Runar Hove, Christopher Lindquist – Stefan Aase, Halvor Solheim-Olsen, Peter Aase – Kristoffer Ryland (Oliver Rotihaug)71 min), Rashad Mohammed, Monir Benmoussa (Erlend Hove 82 min)
  • Dommar: Mohammad Usman Aslam, Lier IL
  • Gule kort: Yldran Ibrahimaj, Matias Fjeldal Olsen
  • Mål: Petar Rnkovic (8 min), Petar Rnkovic (35 min), begge Arendal

Artikkeltags