Det var ikkje ein kamp for historiebøkene vi blei vitne til på Color Line Stadion i Ålesund måndag kveld. Den var prega av to lag som nok prioriterte den defensive disiplinen framfor offensivt fyrverkeri. Nokre sjansar blei det likevel.

Florø hadde dei fleste. Nelsinho, Lido Lotefa, Szymon Walczak og Oscar Nordal kom alle til moglegheiter, men marginane var på Ålesund si side og ballen fauk på feil side av aluminiumen, med varierande grad av distanse.

På feil side av stanga rulla også forsøket til Eivind Kolve då Aalesund 2 spelte seg gjennom Florø-forsvaret og skapte kampens aller største sjanse i andre omgang. Der burde heimelaget tatt leiinga.

Tok tilbake tabelltoppen

I staden blei det 0-0, og det var kanskje greitt nok. Florø var det beste laget, men sjansane dei skapte var litt for få, og litt for tilfeldige til at det er nokon grunn til å føle at dei blei snytt for tre poeng i denne kampen.

– Vi skal bygge vidare på det vi har gjort. Det er ei grunn til at vi har 18 poeng på seks kampar. Vi er robuste bakover og står stødig der, og så har vi i periodar spelt god fotball. Målet er å få dei periodane til å vare lengre og samtidig stå i det defensivt, sa trenaren til AaFK 2, Amund Skiri før kampen.

Defensivt kan han klappe gutane på skuldra, men elles var det ikkje så mykje god fotball heimelaget viste fram. Uavgjort heime mot Florø er det første poengtapet deira i år, og Skiri er nok ikkje heilt nøgd med det.

Det eine poenget er likevel nok til at Aalesund 2 tek tilbake tabelltoppen frå Molde 2 som knuste Toten 11–0 søndag.

Riktig retning

For Florø sin del var kampen eit steg til i riktig retning. Uvissa defensivt frå dei første kampane ser ut til å vere plukka vekk. Dei jobba, sleit og vann mange ballar. Framleis saknar vi kreativitet på midtbana, og fleire folk på sprang inn føre mål når vingbackane Larsen og Høyvik får sjansen til å slå innlegg. På topp har Florø tre mann som alle har x-faktor, men dei kjem litt for sjeldan i situasjonar der dei har høve til å vise det fram.

Med det første bortetpoenget, mot eit lag som ikkje hadde levert frå seg poeng før i år, må dette vere godkjend av Florø etter den vanskelege starten på sesongen. På laurdag ventar Volda heime i Florø. Laget som slo Førde 2–0 i denne runden.