Gå til sidens hovedinnhold

Florø tek i mot Sogndal med historikken på si side

Laurdag er det klart for årets andre NM-runde for Florø Fotball. Den ser du her, om du ikkje har høve til å kome på stadion.

For abonnentar

Cupkampar har ein tendens til å leve sitt eige liv - allereie i 1. runde blei eliteserielaget Haugesund slått ut av cupen av 3. divisjonslaget Stord.

Haugesund leia kampen 2-0 tidleg i andre omgang, men greidde å rote det vekk og tapte til slutt 7-6 i straffekonken mot Stord.

Florø slo Årdal 1-0 etter ekstraomgangar i første runden, medan Sogndal slo Fjøra 3-0 og i morgon spelar altså Florø Fotball heime mot Sogndal.

Litt historikk:

1. mai 2012 banka Florø Sogndal med heile 3-0 i første NM-runden, 31. mai i 2017 slo kystlaget også ut Sogndal etter 2-1. I 2018 møtte Florø Sogndal i 1. divisjon og slo kvarandre på bortebane. Sogndal ligg så langt på ein 5. plass i Obos-ligaen og jaktar opprykk. For nokre dagar sidan selde dei 19-åringen Sivert Mannsverk til Molde, og Sogndal kan ende opp med å tjene heile 20 millionar kroner, i følge Firda! Onsdag ble årdølen offiselt Molde-spelar, og ein av dei dyreste spelarane i norsk fotball.

Sogndal har gjort det bra dei siste sesongane i 1. divisjon og endt på kvalikplass. Om sesongen omsider ender i opprykk gjenstår å sjå.

Florø og Sogndal blei einige om kamp laurdag fordi Florø har ein seriekamp kommande tysdag heime mot Vålerenga 2.

Etter cup-oppgjeret på laurdag tek Sogndal "ferie" frem til 18. august, då dei møter KFUM på Fosshaugane Campus. Florø får også ein ørliten ferie etter kampen mot Vålerenga 2, men ikkje lenger enn til 15. august. Då møter dei Senja på bortebane.

Kommentarer til denne saken