Trekninga er perfekt for oss. Å få ei heimekamp mot eit godt lag som Aalesund på Florø stadion, det kan bli ein festkamp, og no har vi lite å tape, seier florøtrenar Frode Nybø.
Som alle cupkampar så er det divisjonsskilnaden som set favorittstempelet. Sjarmen elles er slik at alle kan slå alle i cupspel, der Florø sjølv har slått ut lag frå divisjonane over. Men når vi snakkar om Aalesund så har gutane frå Jugendbyen hatt stålkontroll på Florø. I fjor møttest dei i Obosligaen der dei feia Florø av tangogolvet med 4–0 og slo også florø med 1–4 i Florø.
Jævla Aalesund
Dette statistikken vart presentert for Frode Nybø, utan at han tok noko vidare notis av den.
– Jo, eg ser jo at vi var ganske langt ifrå å skape resultat mot dei i fjor, men vi er framleis berre ein divisjon under, seier Nybø.
Aalesund missa opprykkstoget til eliteserien i fjor, og kom på den sure tredjeplassen. Men i år har dei stø kurs. Dei har vunne fem av dei seks kampane, og spelte 1–1 mot nummer to på tabellen Sandefjord borte. Dei leder Obosligaen med fire poeng føre nettopp Sandefjord
– Aalesund held nesten eit eliteserienivå slik dei står fram i Obosligaen no og har sjølvsagt eit stort favorittstempel.
– Vi har dei rette typane
Når det er sagt har vi eit lag med spelartypar som kan heve seg til slike kampar, så eg berre gler meg, seier Nybø som langt ifrå fryktar at tangotoget skal valse over Florø på naturgraset 22. mai.
– Dette er heilt perfekt for oss. Å få eit godt lag heime med masse folk på tribunen kan bli moro, kjem det frå florøtrenaren.
Og Nybø har rett. Cupbomba smell oftare no enn før der det var større skilnad mellom dei to øvste divisjonane og laga under. Spesielt i PostNord-ligaen er det mange lag som kan vippe storlaga av pinnen.
– Vi ser berre på Fjøra som var hakket frå å slå oss ut i fjor då dei var i fjerdedivisjon og vi var i Obos. Å vinne i ein enkeltkamp skal kunne la seg gjere, no veit eg ikkje status to veker fram i tid, men dette er perfekt for oss slik eg slik eg ser det.
Florø i cupen
Florø Fotball vart slått ut av Hødd i tredje runde i fjor. Året før kom Florø like til fjerde runde etter at dei senka Sogndal heime. Det førte til valfarting nordover og fest på Nordmøre der Stimen verkeleg fekk markere seg som supporterunion. Men fest trass alt vart det 0–1 tap for eliteserieklubben Kristiansund borte. I 2016 var det Brattvåg som var Florø si bane og i 2015 gjekk dei svarte og blå ut av cupen til fordel for bregensklubben Varegg. I år har dei trekt Aalesund, som kjem til Florø 22. mai.
Her er dei 32 kampane i tredje runde:
(Kampane spelast som hovudsak 22. mai)
- Kvik Halden – Lillestrøm
- Fredrikstad – Sarpsborg 08 (TV-kampen)
- Moss – Kongsvinger
- Grorud – Hamkam
- Ullern – Strømsgodset
- Kjelsås – Skeid
- Asker – KFUM Oslo
- Follo/Bærum – Notodden
- Lørenskog – Ull/Kisa
- Eidsvold Turn – Vålerenga
- Elverum – Stabæk (21/5)
- Raufoss – Fram
- Pors – Mjøndalen
- Jerv – Sandefjord
- Arendal – Odd
- Hinna – Viking (23/5)
- Egersunds – Bryne
- Vard Haugesund – Sandnes Ulf
- Sotra – Haugesund
- Fyllingsdalen – Nest Sotra
- Åsane – Brann (23/5)
- Florø – Aalesund
- Hødd – Sogndal
- Brattvåg – Kristiansund
- Sunndal – Molde 23/5 Tiller – Rosenborg
- Nardo – Bodø Glimt
- Levanger – Stjørdals/Blink
- Junkeren/Strømmen – Ranheim
- Melbo – Tromsø
- Harstad – Tromsdalen
- Alta – Fløya