Cecilia Molander

Florø tapte på Høddvoll. Her er årets siste spelarbørs, kven syntest du var Florø sin beste spelar i dag?

Florø måtte slå Hødd for å ha eit håp om å få spele sluttspel. Det klarte dei ikkje. Hødd var solide defensivt, og gode på dødballar. Florø hang med i kampen til 3–1 scoringa kom, men tapar fortent, og dermed er sesongen over. Slik spelte Florø, meiner vi. Er du ueinig kan du som vanleg levere dine eigne poeng i det som dessverre er årets siste spelarbørs.
Publisert