ALT GJEKK GALE: Det var ingen som heit Murphy på bana i dag, merkeleg nok, for her gjekk alt som kunne gå gale galt for heimelaget. Straffe etter eit par minutt. Rødt kort rett etter pause. Annulert mål og fire baklengs. Det er berre å knytte nevane, tørke tårane og stå på.
Cecilia Molander

Florø tapte 1–4 for Tromsdalen. Her er vår spelarbørs, er du einig?

Det er freistande å bruke krise-ordet etter kampen mot Tromsdalen. 1–4 på heimebane er ikkje godt nok, sjølv om dette var kampen der alt som kunne gå gale, verkeleg gjekk gale. Etter 0 poeng på tre kampar må både vi, og spelarane, innsjå at akkurat no er Florø Fotball eit botnlag i PostNord-ligaen. Spørsmålet no er om dei har den mentale krafta til å gjere det. Det vil dei neste vekene vise. Her er vår spelarbørs etter kampen mot Tromsdalen. Som vanleg kan du dele ut dine eigne poeng til spelarane.
Publisert