Serverer jazz-svisker med storband og strykarar

Frå oppkøyringa til storband og strykekonsert.

Frå oppkøyringa til storband og strykekonsert. Foto:

Av

Det blir garantert søt musikk laurdag den 16. november når Florø Storband og Flora Strykeensemble slår til med klassiske evig-grøne gromlåtar på Haavebua.

DEL

Då blir det perler som «Fly me to the moon» og «I’ve got you under my skin», kjent frå croonerar som notidas Michael Buble og stil-ikonet Frank Sinatra. Med er også Nina Simone-klassikaren "My baby just cares for me" og "Beyond the Sea" i Robbie Williams-versjon.

Strykeorkesteret har også par spenstige jazza solonummer på lager.

Dette er første gang orkestera slår seg her saman til eitt orkester med ulike songsolistar. Songarar blir Jorunn Bakke Nydal, Eilif Vaardal og David Antonsen.

Begge orkestera har tilknytning til kulturskulen , der storbandet blir leia av Arne Sunnarvik og strykeensemblet av Sanja Dukanac.

– Dersom dette blir ein suksess, er det ein viss fare for at dette vert ein fast årleg felleskonsert, smiler Sunnarvik.

Ta på deg litt finstas og kom på konsert med Florø Storband og Flora Strykeensemble, laurdag 16. november!

Billett inngang - 150. kroner.


Artikkeltags