Problemet kjem ut av denne

RØYRTAU: Slike glasfiber-tau som er hoile i midten blir lagt ned i grasmatta på Florø stadion.

RØYRTAU: Slike glasfiber-tau som er hoile i midten blir lagt ned i grasmatta på Florø stadion. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I det Florø hadde slått Ull/Kisa på heimebane gjekk banemeister Even Hamn i gang med «Operasjon drenering».

– Du veit det at hola her på bana er berømt, seier Even Hamn og får oss til å stusse. «Hola» han siktar til er eit fall i eit område i det nordvestre delen av grasmatta. Her har det vore strid mellom entreprenørar og baneeigar i lang tid på grunn av dreneringa. Det gjekk til slutt ut i eit forlik.

I GANG: F.v. Øystein Nøkland frå Global Turf System og Even Hamn, banemeister på Florø stadion.

I GANG: F.v. Øystein Nøkland frå Global Turf System og Even Hamn, banemeister på Florø stadion.

Dammar

I dette området fungerer ikkje dreneringa optimalt og i tider med stort nedbør dannar det seg dammar som gjer at graset druknar. Rett nok har det vore mindre slike dammar då Hamn har drenert manuelt, men for at det skulle monne over tid måtte han no i gong med tiltak.

Det er ikkje fall i desse tau-røyra, men dei trekk vete ut av bana lik kveiken i ei parafin-lampe trekk parafin opp i flammen

Øysten Nøkland, Global Turf System

Tysdag var Øystein Nøkland i Global Turf System og banemeister Hamn i gang med monteringa av ei rekke glasfibertau i bana.

I lengder på 30–40 meter la dei ned dreneringstaua. Desse er hole som røyr og fungerer som svampa på vatn. For kvar meter frå den vestre 16-meteren og over midten på bana mot aust skar dei om lag 25 centimeter djupe spor. På toppen av kvart tau la dei så ein spesialsand. Nøkland forklarte oss prinsippet slik:

– Om du tenker deg ein parafinlampe så er kveiken i glasfiber. Den trekk opp parafinen til flammen på toppen. Slik fungerer desse røyra i bana berre motsett. Det er ikkje noko fall frå bana og ut i grøfta, men her blir vatnet trekt ut av seg sjølv, fortel han. Det blir også greve nye grøfter på nordsida av bana slik at dei heilage graset på Obos-arenaen og på friidrettsfestival-graset har dei beste vilkåra.

Klar til Fredrikstad

Og Hamn kan love at bana er klar til Florø Fotball sin neste heimekamp mot Fredrikstad 23. juli.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken