Han var ein veldig lovande signering då han kom til Florø frå Aalesund. Vetle Fiskarstrand hadde då spelt åtte kampar i eliteserien, og såg ut som eit svært så lovande spisstalent.

Skader har dessverre gjort at han aldri fekk vist fram sitt potensial i Florø-drakta.

I 2021 spelte han lenge med eit brot i foten, og i 2022 kom han eigentleg aldri ordentleg i gang. Siste kamp for Florø blei mot Volda i oktober, der han igjen måtte hinke av banen med skade.

Det blei dermed berre 17 kampar og eitt mål for spisstalentet i Florø-trøya. No vender han tilbake til Langevåg, som er klubben han spelte for før han drog til Aalesund FK før 2018-sesongen.

Rodrigo Lima, som kom til Florø på hausten i 2021 og løfta laget i jakta på fornya kontrakt i PostNord-ligaen har signert for SC Angrense som spelar på fjerde nivå i Portugal.

Lima var god i 2021, og spelte då 14 kampar og scora fire mål for Florø. I 2022 var han skadd heile sesongen og fekk forlate klubben på hausten då det blei klart at han ikkje ville bli speleklar i løpet av sesongen.