To av ti jenter og ein av ti gutar opplever seksuelle overgrep før fylte 18 år. Overgriparen er i 85 prosent av tilfella ein person som er kjend for barna. Saka om handball- og fotballdommaren frå Hordaland som skal ha utnytta sin posisjon til å skaffe seg seksuell omgang frå i sommar viser at idretten på ingen måte er nokon frisone på dette området.

Vårt ansvar å gå føre

Morten Mortensen er leiar i Florø SK Handball. Han anerkjenner problemet, og er opptatt av å ta det på alvor. Fredag inviterer han og klubben til foredrag på Flora samfunnshus med tittelen «Trygg på trening». Dit kjem Marie Karin Dalsbø frå Hordaland idrettskrets og Trond Berge Høvik frå Senter mot incest og seksuelle overgrep (Smiso) i Hordaland.

– Vi er den største klubben i Sogn og Fjordane så det må vere vårt ansvar å gå føre. Vi set temaet på kartet. Dette er første gongen dette foredraget blir heldt i vårt fylke. Men dette er ikkje berre for handballen, dette er eit foredrag som kan vere aktuelt for alle lag og organisasjonar i fylket. Det blir strøyma direkte på nett, og skal så vidt eg har forstått også vere mogleg å sjå i opptak seinare.

Målgruppa er trenarar, oppmenn, foreldre og alle andre som direkte eller indirekte er knytt til organisering av fritidsaktivitetar for barn, unge og vaksne. Dei som ikkje har høve til å bruke fredagskvelden på Flora samfunnshus har altså alle moglegheiter til å få det med seg likevel gjennom direktestream eller opptak.

Bevisstgjering

Mortensen fortel at han blei merksam på «Trygg på trening»-opplegget på handballens klubbkonferanse tidlegare i år. Han er oppteke av at idretten skal ta eit samfunnsansvar, og bestemde seg for at dette ville han ha til Florø. Florø SK Handball er arrangør, og med på laget er Flora Frivilligsentral og Smiso Sogn og Fjordane. På fredagen vil det vere ein gruppe med kompetente vaksne, blant dei er Karianne Skavøy frå helsestasjonen. Sjølve opplegget er eit samarbeid mellom Smiso i Hordaland, Redd Barna og Hordaland idrettskrets.

– For oss handlar dette om bevisstgjering. Når ein ser på tala, to av ti jenter, ein av ti gutar har blitt utsett for seksuelle overgrep. Ein av fire fortel det aldri til nokon. Det er berre å rekne etter, vi har fleire av dei i klubben. Det kan godt vere vi har hatt spelarar som har prøvd å fortelje oss noko, men vi har ikkje oppfatta det for vi har ikkje hatt antennene ute.

Falsk tryggleik

Mortensen fortel at dei som klubb har vore klar over problemet med seksuelle overgrep. Alle trenarar må til dømes ha politiattest. Men Mortensen åtvarar mot at ein slik attest har avgrensa verdi.

– Politiet fekk så mykje papirarbeid at måten dei gjer det på blei endra. No kan du ha trenarar med politiattest som er ti år gamal, og det kan ha rent mykje vatten i sjøen sidan den gongen. Politiattestane kan vere ein falsk tryggleik.

Saka med dommaren i Hordaland som no er sikta for overgrep har vore ein vekkar for mange. Det har ført til at interessa for «Trygg på trening» har eksplodert. Dei har hatt ventelister til langt ut på hausten i år. Fredag er det mogleg å få med seg foredraget i Florø. Arrangementet er gratis, og inkluderer enkel servering, men Mortensen og klubben ser helst at dei får ei påmelding på e-post slik at dei har ein oversikt over kor mange som kjem.