Vil legge bort sjukehusplanane

UTGIFT: Etter overtakinga har Flora kommune berre hatt utgifter på sjukehuskjøpet. Også vedtaket om å bruke nyaste fløya til kommunale kontor kan ende i ingenting om Florarådmannen får det som han vil. Flyfoto: Dag Nesbø Frøyen

UTGIFT: Etter overtakinga har Flora kommune berre hatt utgifter på sjukehuskjøpet. Også vedtaket om å bruke nyaste fløya til kommunale kontor kan ende i ingenting om Florarådmannen får det som han vil. Flyfoto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 3 år gammel

.

DEL

FLORØ: Ei oppgradering av Florø sjukehus for å huse lokale kontor kan verte så dyr at rådmann Terje Heggheim no vil stoppe heile prosessen. Mandag orienterte Flora rådmannen formannskapet i Flora om nye vurderingar i eit notat. Det viser at berre ei oppgradering av den nyaste delen av sjukehuset kan komme til å koste over 13 millionar kroner. Særleg er det ei modernisering av IKT og det elektriske systemet som dreg opp priskalkylane.

Fornuftig?

– Eg stiller derfor spørsmål til kor fornuftig det vil vere bruke så mykje pengar til det som kan verte ei mellombels løysing, seier Flora rådmannen.

Han minner samtidig om at bystyret har gjeve han tre år til avklare ei samling av alle rådhusfunksjonane i kommunen som i dag er spreidde over heile sentrum. Den første rapporten om ei samling kjem i desember.

Planlagt flytting

Kommunen har allereie sagt opp leigekontraktane for Blomlia frå nyttår. Meininga har vore at alle kontor og funksjonar skulle flyttast herifrå til den nyaste delen av Florø sjukehuskontor. Flyttinga har vore eitt av prestisjeprosjekta til ordførar Ola Teigen for å spare kommunen for husleige.

Men no ber Florarådmannen Flora formannskap om å gå vidare til bystyret med eit vedtak som kan komme til å stoppe heile byggeprosessen. Eit vedtak gjerast i bystyret 19. juni.

Heggheim understrekar at dei aktuelle tala berre dreier seg om den nyaste delen av Florø sjukehus.

– Vi har ikkje teke med kostnadene for ei tilsvarande oppgradering av den eldre delen. Men berre tenk på kor mykje det kan komme til å koste å rehabilitere heile sjukehuset. Det kan dreie seg om enorme summar. Då kan det vere uforsvarleg å gå vidare, seier Heggheim.

Betyr det at du heller vil selje sjukehuset?

– Det vil eg ikkje ta stilling til no. Dette er noko politikarane må finne ut av, svarer han.

Utbetringa av det elektriske anlegget åleine vil koste 3,4 millionar kroner. Dette er heilt andre summar enn det var snakk om då kommunen overtok sjukehuset frå Helse Førde i 2014 for fem millionar kroner. Den gongen var det sagt at det berre var mindre avvik på Elanlegga. Det elektriske anlegget- sjølv i den nyare delen er 34–46 år gammalt, kan vi lese i notatet til rådmannen.

Stram plan

Rådmannen meiner også at den stramme tidsplanen som er sett for prosjektet med ferdigstilling og montering av tavle til 5. desember, kan vere med på å drive opp prisen. Arbeidet med årsoppgjeret frå januar til april vil og gjere flytting av økonomiavdelinga til kommunen i denne perioden for lite tenleg.

Det var sagt at Flora kommune fekk kjøpe sjukehuset relativt billeg av Helse Førde i 2014. Men sjølv etter at fleire utval har vore i drift har det vore vanskeleg for politikarane å einast om korleis det svære bygget over fire etasjar skal brukast i framtida. Flyktningmottak, eldrebustader eller institusjonsplassar er andre forslag for bruk. Men også sal til private har vore lufta.

Kva sa eg?

Jacob Nødset i Samlingslista hevdar han ikkje er overraska av utspelet til Florarådmannen.

– At budsjetta til sjukehuset kom til å sprekke var noko vi, og ikkje minst Hilmar Eliasson, åtvara mot då Ap lanserte tanken om å flytte rådhusfunksjonar til sjukehuset. Vi sa at det heller kom til å koste meir enn at det vile spare kommunen millionar på drifta. No ser det ut til at vi får rett, seier Jacob Nødseth, gruppeleiar for Samlingslista i bystyret.

Han registrerer samtidig at dei tre sakene Ap, Venstre og resten av kvintetten som har makta i Flora skulle spare pengar på ikkje ser ut til å verte gjennomført. Når det verken vert gjort noko med skulestrukturen og det no ser ut til at det ikkje kan sparast pengar på sjukehuset, står der berre eitt tiltak att. Og det er å auke eigedomsskatten.

– Derfor tippar eg at eit forslag om å heve eigedomsskatten til maks sats vil komme, seier Nødset.

Han ser heller ingen grunn til å tvile på at rådmann Terje Heggheim sine tal stemmer.

Nødseth rår Ola Teigen i staden om å satse på samling av rådhusfunksjonar i dagens rådhusområde med eit tilbygg på rådhuset og utbygging av Trovikkvartalet.

Artikkeltags