I årets første runde i PostNord-ligaen skal Florø spele mot Kvik Halden på heimebane. Runden vert spelt 9. - 13. april, viser oversikta som vart offentleggjort ved lunsjtider onsdag.
Helga etter står bortekamp mot Eidsvold Turn på agendaen, før heimekamp mot Kongsvinger første helga i mai.
Helga 7. - 11. mai tar Hødd imot Florø på Høddvoll i Ulsteinvik, før det igjen vert heimekamp for Florø Fotball 16. mai-helga. Då kjem Vålerenga 2 til kystbyen. Men om det vert kamp på sjølvsaste bybursdagen er ikkje klart enno.
Då Florø si avdeling i PostNord vart klar tidlegare i januar var dagleg leiar i Florø Fotball, Kim Solheim, ganske fornøgd.
– Det er denne puljen vi ønska å hamne i, så vi er godt nøgd. Det betre å få møte laga frå nord, heller enn å måtte planlegge for reiser til laga langt sør i Norge, sa han då.
I år blir det gjensyn med lag som Florø gjorde det bra mot i fjor. Eidsvold Turn og Fløya er lag det bør vere mogleg å legge bak seg på tabellen. Det same gjeld Senja. Vålerenga 2 vil som vanleg vere ustabile, men ligge blant dei nedste laga.
Solheim meiner Florø bør vere gode nok til å unngå nedrykksstrid.
– Vi håper å levere ein betre sesong enn i fjor, og då skal vi nok spele PostNord-fotball i 2022 også, sa han i førre veke.

Sjå kven Florø skal spele mot i serien i år
Runde 1 (09.04-13.04): Florø - Kvik Halden
Runde 2 (16.04-20.04): Eidsvold Turn - Florø
Runde 3 (30.04-04.05): Florø - Kongsvinger
Runde 4 (07.05-11.05): Hødd - Florø
Runde 5 (14.05-18.05): Florø - Vålerenga 2
Runde 6 (21.05-25.05): Bærum - Florø
Runde 7 (28.05-01.06): Florø - Senja
Runde 8 (04.06-08.06): Moss - Florø
Runde 9 (11.06-15.06): Florø - Tromsdalen
Runde 10 (18.06-22.06): Alta - Florø
Runde 11 (25.06-29.06): Florø - Asker
Runde 12 (02.07-06.07): Florø - Fløya
Runde 13 (09.07-13.07): Brattvåg - Florø
- Les heile terminlista på Fotball.no
Kommentarer til denne saken