– Me har ikkje lov å sleppa ned fly før vi får fiksa det, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal til Sogn Avis.

Brannbilen stasjonert på Sogndal lufthamn Haukåsen oppfylte ikkje alle tekniske krav måndag. Difor måtte det utkallast reservebrannbil.

– Denne kjem frå Florø, så det er litt logistikk. Men me håpar me får handtert dei to siste flya i kveld, men lovar ingenting, sa Gjesdal i 18-tida.