Stortinget engasjerer seg for Florø Radio

arbeids- og sosialkomiteen stortinget rune bortne sveinung rotevatn

arbeids- og sosialkomiteen stortinget rune bortne sveinung rotevatn Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Stortingsrepresentantar ber regjeringa svare om nedlegginga av kystradiostasjonar.

DEL

Politikarar frå fire ulike parti har sendt inn skriftlege spørsmål til regjeringa, der dei ber justisministeren svare på spørsmål rundt nedlegging og tryggleiken på sjøen.

Tysdag 4. april slo nyheita om nedlegging av kystradiostasjonen i Florø ned som ei bombe. Overraskinga var stor både hos tilsette, politikarar og sjøfolk: Har vore i drift sidan 1938, no legg dei ned Florø Radio

LES OGSÅ: Fiskarane ser alvorleg på nedlegginga av Florø Radio

Rotevatn vil ha svar

Sveinung Rotevatn frå Venstre ber Justisminister Per Willy Amundsen (FrP) svare på om han har gitt klarsignal til Telenor om nedlegging: 

"Har statsråden gitt klarsignal til å leggje ned Florø Radio, og korleis meiner han i så fall tryggleiken til sjøs skal takast i vare framover?",  er spørsmålet han har sendt inn, og som no er til handsaming.

-  Radiostasjonen har vore i drift sidan 1938, og har opparbeida seg stor lokalkunnskap som bidreg til å sikre tryggleiken til sjøs. I følgje dei tilsette kom meldinga om nedlegging svært overraskande, skriv Rotevatn til ministeren.

- I pressemeldinga frå Telenor vert nedlegginga grunngiven med "operative gevinster og kostnadsbesparelser", utan at det vert nærare skildra korleis denne strukturendringa skal ivareta tryggleiken til sjøs - eller kor initiativet til nedlegging kjem frå, påpeikar han, og held fram:

- Sidan Telenor har konsesjonsplikt til å drive kystradiotenesta og får statlege tilskot til dette, er det difor interessant å vite om statsråden har vore orientert om og gitt klarsignal til denne strukturendringa, og kva vurderingar som i tilfelle er gjort som forsvarar nedlegginga av Florø Radio.

Sidan Telenor har konsesjonsplikt til å drive kystradiotenesta og får statlege tilskot til det, er det interessant å vite om statsråden har gitt klarsignal til nedlegginga.

Sveinung Rotevatn

LES OGSÅ: – Dei tilsette reagerer med sinne og sjokk

Å stille formelle spørsmål til regjeringa er ein sentral del av Stortinget si kontrollverksemd. Ein kan spørje skriftleg, munnleg i spørjetimen, eller ved interpellasjon. Slike skriftlege spørsmål er ein kort spørsmålsform, som ikkje blir tatt opp til debatt i Stortinget, men som ministeren må svare på skriftleg innan seks virkedagar.

Sp, SV og MDG spør

Det er ikkje berre Rotevatn som stiller spørsmål ved den varsla nedlegginga av kystradiostasjonane. Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, har også sendt inn spørsmål:

«Telenor opplyser tirsdag 4. april 2017 at kystradioen i Vardø, Florø og Tjøme legges ned fra 1. januar 2018. Kan statsråden garantere at beredskapen blir like god, at viktig lokalkunnskap ivaretas, og at det finnes reserveløsninger hvis den digitale løsningen er nede?»

LES OGSÅ: Smuldrar «Beredskapsbyen Florø» bort?

Kirsti Bergstø i SV har send følgjande spørsmål til ministeren:

"Hvilke faglige og beredskapsmessige vurderinger er gjort i forbindelse med beslutningen om å sentralisere kystradiostasjonene og kan statsråden garantere at funksjon og sikkerhet ikke svekkes som følge av at kystradiostasjonene i Vardø, Florø og Tjøme legges ned?"

Også Rasmus Hansson i  MDG spør ministeren om tryggleiken i samband med nedlegginga:

"Sikkerheten til sjøs og langs kysten er avgjørende for kystfolkets liv og virke. Nå meldes det at Telenor skal avvikle kystradiostasjonene i Florø, Tjøme og Vardø. Nedleggelsen har skapt sterke reaksjoner langs kysten, fra blant annet Norsk Kystfiskarlag, tillitsvalgte i EL og IT Telenor og lokalpolitikere fra flere partier.
Kan statsråden garantere at beredskapen og sikkerheten langs hele kysten blir minst like god som før hvis nedleggelsen gjennomføres?"

Spørsmåla vart sendt inn rett før påske, så ein kan vente svar på desse i løpet av neste veke.

LES OGSÅ: «Sentraliserings-flosklane råkar oss endå ein gong»

For 20 år sidan hjelpte Florø Radio denne unge fiskaren i havsnaud. No vil han gjere opp for seg

Artikkeltags