Florø på 17. mai: Salutt, minnetale og bil-tog

Borgertoget, 17. mai. 2019

Borgertoget, 17. mai. 2019 Foto:

Det blir salutt på 17. mai. Det blir også kransnedlegging og minnetale i kyrkjeparken, og her er det lov å delta.

DEL

Sjølv om 17. mai i år blir veldig annleis, så blir det salutt frå Rota kl. 07.00. Det lovar ordførar Ola Teigen.

I 25 år var det Peter Løland som kvart år stod for salutteringa i Florø på nasjonaldagen. I år står han for opplæringa av ein ny vikar.

– Joachim Sandvik skal stå for salutten i år. Det skjer klokka 7, slik det har vore dei siste 50 åra, og det blir tre knallar, med om lag fem kilo sprengstoff per salutt, fortel Løland til Firdaposten.

Minnetale ved kyrkja

Den tradisjonelle kransnedlegginga og minnetalen i kyrkjeparken vert arrangert også i år. Dette vert filma og lagt ut på Firdaposten søndag ettermiddag.

Men ordførar Ola Teigen seier til Firdaposten at det også er lov å stille i kyrkjeparken klokka 10.30 søndag.

– For dei som ikkje ønsker å vente med å sjå talen og kransnedlegginga på Firdaposten.no på ettermiddagen, så kan ein stille opp i kyrkjeparken og få det med seg når det skjer. Alle er velkomne til det. Kim Gunnar Jensen skal halde minnetale, fortel Teigen.

I år kan du feire 17. mai på Firdaposten.no, og vi vil gjerne ha di hjelp

Bil-kortesje

Klokka 11.00 startar biltoget som arrangør Thomas Buarøy står bak. Køyretøya som vil delta møter på vogntogparkeringa ved bommen til Fjord Base, der toget startar og sluttar.

Biltoget køyrer Rv 5 til rundkøyringa, Evja, Markegata, Fugleskjærskaia, Havreneset, Kinnvegen, Markegata og deretter tilbake til basen same veg som ein kom. Farten skal vere på 20–25 km/t, slik at publikum får med seg det passerande opptoget.

Over 100 har sagt dei skal delta, og nærare 400 har meldt si interesse i Facebook-eventen: 17-mai-kolonne

Artikkeltags