Bergensflyet innstilt igjen

Artikkelen er over 1 år gammel

Også onsdag morgon er 07.45-flyet frå Florø til Bergen innstilt.

DEL

Flyproblema held fram onsdag morgon.

Morgonflyet frå Florø  til Bergen er innstilt, melder Avinor.no.

Årsaka er at 07.30-flyet frå Ørsta/Volda er innstilt,  og dette forplantar seg til Florø lufthamn.

Elles skal alle flygingane onsdag vere i rute, bortsett frå ein 15-minutts forseinking på 11.00-flyet frå Bergen.

Helikoptertrafikken går tilnærma som normalt, bortsett frå ein halvtimes forseinking på ankomstane frå Snorre A, Snorre B og Visund no på morgonen. Det gjer også til at avgangen til Visund og Snorre B er forsinka, frå 09.30 til 10.00, ifølgje Heliport.no.

Skapar dei stadige kansellerte bergensflya problem for deg? Tips oss gjerne!

Bergensflyet innstilt

FOT-rutene er framleis i det blå

Fly og helikopterruter innstilt 

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags