Sp krev offentleg støtta flytilbod også i Florø

SP:   Sigurd Reksnes.

SP: Sigurd Reksnes.

DEL

Senterpartiet krev at flyrutene til og frå Florø igjen får statlege tilskot til drifta, melder NRK.

 Flora er einaste flyplassen i fylket der rutene vert drivne utan tilskot og på reint kommersielt grunnlag. Det vart innført etter at Widerøe la inn eit anbod på 0 kroner i subsidiar, for å vinne desse flyrutene tilbake frå den danske konkurrenten DAT. Etter at Widerøe blei monopolist og utan konkurrentar har prisen på flyreiser frå Florø gått opp.

Florø lufthamn utan statleg støtte frå 2016 

Når staten på ny no skal lyse ut rutene på kortbanenettet på nytt anbod, krev fylkesleiar Sigurd Reksnes at staten blar opp pengar for å sikre kystbyen eit godt rutetilbod.

Artikkeltags