Sterk auke på Florø lufthamn i februar

Siv Merete Stadheim

Siv Merete Stadheim Foto:

Mens flypassasjertala i Florø aukar, var det nedgang på alle dei andre lufthamnene i fylket.

DEL

7.628 vanlege rutepassasjerar reiste til og frå Florø lufthamn i februar månad, ein auke på tre prosent frå same månad i 2017.

Samstundes auka talet offshorepassasjerar med over 15 prosent.

Totalt reiste 11.210 passasjerar til og frå lufthamna i februar, ein samla auke på 9 prosent.

– Det er veldig bra å sjå at den positive utviklinga vi såg i januar no held fram. Det er også gledeleg å sjå at offshoretrafikken har ein såpass god utvikling, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim til Firdaposten.

– Det verker som det er betre flyt i trafikken no, etter at Widerøe endra på ruteoppsettet sitt. Det er betre tilpassa lokale forhold enn det var, seier ho.

– Godt samarbeid med Widerøe

Forklaringa på trafikkauken trur ho i hovudsak handlar om det gode samarbeidet som no er mellom lufthamna, Widerøe, kommunen og lokalt næringsliv.

– Vi har felles samhandlingsmøte der vi diskuterer ruteprogramma, og dei gode resultata kjem nok delvis av at Widerøe har gjort tilpassingar i rutene etter ønske frå nokre av dei største lokale kundane, seier Stadheim.

Eit døme er den siste kveldsavgangen til Bergen, som er flytta frå klokka 19.00 til 19.35.

– Ei slik justering gjer at ein får med seg passasjerane frå dagens siste offshorehelikopter frå Nordsjøen. Då får oljeselskapa dei tilsette som skal vidare heilt heim, og det blir meir attraktivt å bruke Florø lufthamn. Når slike løysingar fungerer, så blir det auke i flytrafikken også, forklarer ho.

– Spennande samarbeid

Det vert no jobba vidare med å tilpasse ruteprogrammet.

– No jobbar vi konkret med å få endra tidspunktet for det første morgonflyet til Bergen. Det er eit ønske frå lokalt næringsliv om å komme seg tidlegare til Bergen, slik at ein rekk flyet vidare til Stavanger. Slike grep optimaliserer ruteprogrammet, og legg til rette for vidare vekst på lufthamna, seier Stadheim.

Widerøe har som kjent nyleg inngått samarbeid med KLM og Norwegian, såkalla «interline»-samarbeid.

Skal ein til dømes reise frå Florø til Oslo og vidare ut i verda kan ein kjøpe billettane samla, og sjekke inn bagasjen heile vegen.

– Slike samarbeid er det ikkje alle lufthamnene som har, og eg trur dette kan slå positivt ut for Florø, seier Stadheim.

– Det er absolutt verdt å sjekke prisane frå Florø om ein skal fly utanlands no, eg har sett fleire gode pristilbod etter dei nye samarbeidsavtalane. Det blir spennande å sjå kva effekt dette vil ha for passasjertala våre, seier ho.

Til dømes kan ein no ifølge KLM.no reise tur/retur Florø-Amsterdam i april for 2499,-, eller kva med Florø – Barcelona for 3.321 kroner, Praha for 3.193,-, eller Berlin for 3905,-? (NB: På nokre av desse flygingane er det flybytte i Amsterdam)

Nedgang i resten av fylket

Florø var den einaste flyplassen i fylket som hadde auke i februar.

Førde lufthamn hadde ein nedgang i passasjertala i februar på -2,5 prosent, med totalt 6.529 passasjerar.

Sandane hadde 3.059 passasjerar i februar, ein nedgang på -6,5 prosent, og Sogndal hadde 6.505 passasjerar, -3,7 prosent.

Artikkeltags