Gå til sidens hovedinnhold

Utfordra Frida Melvær på «hurtigsporet» ved lufthamna. No tvilar også ho på at det let seg gjere.

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Den var lova ferdig til nyttår, men rapporten om FOT-ruter ved Florø lufthamn kom aldri.

– Kor vart eigentleg rapporten av, spør vararepresentant Steinar Ness i Senterpartiet si gruppe på Stortinget.

Han har no sendt inn eit skriftleg spørsmål om dette til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Ministeren skal svare under Stortingets spørjetime 7. februar.

Vart lova til nyttår

– Både folkevalde og næringslivet har kritisert tilbodet ved Florø lufthamn etter at den vart kommersialisert. Før valet hausten 2017 lova Samferdsledepartementet at ei utgreiing om FOT-rutene skulle vere klar ved årsskiftet. Eg ønsker eit svar frå ministeren om kvifor den ikkje er kommen enno, og når den vil vere ferdig og offentleg tilgjengeleg. Slik eg ser det er lovnaden om ei utgreiing før årsskiftet broten, seier Steinar Ness.

Les også

Solvik-Olsen vil vente på ein ny rapport om Florø lufthamn før han gjer noko

Arbeidet med å lyse ut ny konkurranse om rutene i Sør-Noreg frå 1. april 2020 er godt i gang, og som ein del av dette arbeidet er Møreforsking tildelt oppdraget med å utføre ei ny utgreiing av det statlege flyrutekjøpet i Sør-Noreg. I dette arbeidet vil Møreforsking blant anna vurdere tilbodet på Florø-rutene.

– Eg har merka meg ønska lokalt om innføring av FOT-ruter, men meiner det er rett å vente på resultatet av dette utgreiingsarbeidet før departementet vurderer om ein skal gjere noko i forkant av dei normale kjøpsprosessane, sa samferdsleministeren då han var i Florø for tre månader sidan.

«Hurtigspor»?

Ness stiller også spørsmål ved lovnaden om eit såkalla «hurtigspor» som vil gjere at Florø lufthamn er attende på FOT-rutenettet allereie frå sommaren av.

– Representantar frå regjeringspartia skapte eit inntrykk av at det let seg gjere. No er vi komme til månadsskiftet januar/februar, og framleis er ikkje rapporten ein gong på plass. Det inntrykket som blei skapt om ei «hurtigspor-ordning» heng i ein tynn tråd, seier Ness.

Les også

Florø kan få FOT-ruter frå neste sommar

– Det er jo litt merkeleg at han stiller dette spørsmålet. No er Steinar Ness og resten av benken frå Sogn og Fjordane fullt informert om korleis vi jobbar med dette, svarar stortingsrepresentant Frida Melvær (H) og strekar under at både ho og regjeringa er godt orientert om utfordringane ved lufthamna.

– Vi har fått mykje god informasjon om situasjonen både frå Flora kommune ved ordførar Ola Teigen, men også frå Flora Industri- og Næringsforening. Mellom anna korleis situasjonen i dag blir opplevt, og kva som har blitt gjort for å forsterke konkurransen ved lufthamna. Det blir dessutan eit møte mellom Samferdsledepartementet, Flora kommune og industriforeininga 8. februar, der dette vil vere tema, legg Melvær til.

– Vanskeleg å gjennomføre

Men ho stadfestar at det nok kan bli vanskeleg å få til noko «hurtigspor-løysing» i Florø.

– Det er sant at det at rapporten ikkje er kommen, gjer det vanskeleg å gjennomføre ei «hurtigspor-løysing», seier Melvær men legg til at Samferdsledepartementet vil sjå på situasjonen ved Flora lufthamn når dei får rapporten på bordet.

– Då vil dei ta ei avveging om det skal bli FOT-ruter att, eller om lufthamna skal vere kommersiell, seier Frida Melvær.

– Men kva meiner du? Bør lufthamna halde fram med å vere kommersiell?

– Eg held fast ved at eg kjem til å arbeide for det beste for Flora. Så må eg og ta ei avveging når rapporten blir lagt fram. Eg ser veldig klart utfordringane som er, og eg vil sjå kva FOT-ruter kan tilby opp mot kommersialisering. Men eg trur på det næringslivet og kommunen formidlar, og eg veit at det lokalt er gjort ein god jobb for å forbetre situasjonen. Det som er vanskeleg med framleis kommersiell drift er at vi frå statleg hald ikkje har påverknad med tanke på all kanselleringa. Mykje kansellering og eit ustabilt tilbod er det eg ser på som mest problematisk i Florø, strekar Melvær under.

Les også

Slit med unormalt mange kanselleringar, og fleire vil det bli.

 

Kommentarer til denne saken