Rutetilbod, makspris og el-fly var noko av det som stod på dagsorden då fylkesvaraordførar, fylkesdirektør og hovudutvalsleiar møtte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen torsdag.

Samferdsledepartementet er i ferd med å utarbeide anbodsgrunnlaget for kjøp av regionale flyruter på kortbanenettet frå 1. april 2020, med sikte på utlysing i haust.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, leiar i hovudutval for samferdsle Norvald Distad og fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal møtte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på torsdag for å diskutere den komande anbodsutlysinga av flyrutene i Sogn og Fjordane, og overtaking av ansvaret kjøp av regionale flyruter.

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommunen i ei pressemelding.

Attraktivt og optimalt rutetilbod

Fylkeskommunen legg til grunn at det skal vere eit aktuelt og attraktivt flytilbod også i framtida, med eit rutetilbod minst på same nivå som i dag på alle dei fire flyplassane Sogndal, Sandane, Førde og Florø.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes peikte spesielt på at flyrutene må fungere optimalt med omsyn til regularitet og tilpassa rutetider for næringsliv og folk sine behov.

Dei tok også opp at maksimalprisen på «FOT-rutene» har auka med om lag 10 prosent frå 2016/17. For dei reisande betyr det dyre flyreiser mellom Sogn og Fjordane og Oslo/Bergen, og fylkeskommunen bad om at ein unngår auke i maksimalprisen i neste anbodsperiode.

Flytilbodet til og frå Bergen

Fylkeskommunen har registrert ønskje frå m.a. næringslivet om fleire flyruter, betre frekvens og betre regularitet i flytilbodet til Bergen. Rutetilbodet til Bergen fungerer ikkje godt nok slik det er i dag. Rutetilbodet må vere slik at det er mogleg å reise med fly tur/retur både til Bergen og Oslo innanfor ei akseptabel reisetid. Dagens flytilbod til Bergen er ikkje tilpassa dei reisande sitt behov, særleg frå Bergen på ettermiddag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune skal slåast saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. I tillegg vart høgskulane på Vestlandet slått saman i 2017, vi får eit nytt fylkesmannsembete frå 2019, politireforma er gjennomført. Andre regionale etatar og organisasjonar er inne i samanslåingsprosessar. Dette vil føre til eit auka reisebehov mellom Sogn og Fjordane og Bergen. Det er derfor behov for eit betre flyrutetilbod – ikkje dårlegare, påpeika dei.

Kommersielle flyruter

I 2016 vart FOT-rutene i Florø kommersielle, noko som førte til eit dårlegare tilbod og dyrare flybillettar. Fylkeskommunen ønskjer ikkje kommersielle ruter i Sogn og Fjordane neste anbodsperiode frå 1. april 2020, men ber om at flyrutetilbodet på Flora går inn att som ein del av staten sitt FOT-rutekjøp.

Nattstasjonert fly på Haukåsen

For å unngå kanselleringar fordi fly ikkje kan gå ned på grunn av vêrforholda, stiller fylkeskommunen krav om nattstasjonert fly på Sogndal lufthamn, Haukåsen. Lokalt er det vist stor vilje for å legge forholda til rette for dette.

Kommunane i Sogn (gjennom Sogn regionråd), næringslivet og fylkeskommunen har gått inn i eit spleiselag for å få bygd ein hangar for nattstasjonering av fly på Sogndal lufthamn. Grunnen til dette er eit ønskje om betre regularitet. Regulariteten er til tider dårleg, i tillegg til manglande kapasitet i høve til behovet. Sogndal er i dag ein hub med fly både frå Sandane og Ørsta/Volda vidare til Bergen og Oslo. Dårlege vêrtilhøve medfører fleire kanselleringar og overflygingar, særleg på vinterstid.

El-fly på kortbanenettet

Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmoda samferdsleministeren på møtet om at kortbanenettet i Sogn og Fjordane vert pilotarena for utvikling og drift av el-fly eventuelt gjennom ein statleg utviklingskontrakt.

Samferdsleministeren stadfesta at staten vil bidra på ein eller annan måte ved innføring av el-fly og at det er kortbanenettet som vil vera mest egna til å starte med dette.