Florø kan få FOT-ruter frå neste sommar

Statssekretær i Samferdsledepartementet Tom Cato Karlsen (FrP), Bjørn Hollevik (FIN), Frida Melvær (H) og statssekretær Tom Christer Nilsen (H).

Statssekretær i Samferdsledepartementet Tom Cato Karlsen (FrP), Bjørn Hollevik (FIN), Frida Melvær (H) og statssekretær Tom Christer Nilsen (H). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Bjørn Hollevik frå Flora Industri- og Næringsforening og Frida Melvær frå Høgre var tysdag i Oslo for å møte Samferdsledepartementet.

DEL

Både Bjørn Hollevik og Frida Melvær er nøgde med møtet dei hadde i departementet tysdag. Der møtte dei statssekretærane Tom-Christer Nilsen frå Høgre og Tom Cato Karlsen frå FrP.

– Det var eit veldig greitt møte. Vi fekk belyst utfordringane rundt kommersialiseringa av Florø lufthamn, mellom anna korleis det går ut over lokalt næringsliv, fortel Frida Melvær, Høgre sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Ber om FOT-ruter no

Kan få FOT igjen

– Vi la fram rapporten frå Møreforsking, som seier at det ikkje er kommersielt grunnlag for to aktørar i Florø, og snakka om kva utfordringar lokale bedrifter har med det eit redusert og dyrare flytilbod, seier Bjørn Hollevik.

Tilbakemeldinga dei fekk frå statssekretærane, er at departementet er i ferd med å bestille ei eiga utgreiing om FOT-rutene, som skal vere klar ved årsskiftet.

– Når den er klar, skal ein ta ei vurdering om ein eventuelt kan ta Florø inn att på FOT-rutene, fortel Melvær.

LES OGSÅ: Forskingsrapport om kommersialiseringa: Har resultert i dyrare billettar, færre ruter og ikkje grunnlag for ny aktør

Fast track for Florø?

– Det som var veldig gledeleg med møtet, var at statssekretærane la fram eit forslag om eit hurtigspor for Florø, seier Hollevik, og utdjupar:

– Neste år er det ny anbodsrunde for FOT-ruter på fire lufthamner, og dei tilboda tek ikkje til å gjelde før i 2020. Men departementet opnar for at Florø kan få ein fast track-behandling, uavhengig av den ordinære anbodsrunden, og då kan ein gjeninnføre FOT-ruter allereie frå sommaren 2018, fortel Hollevik.

– Men vi understrekar kan, seier Melvær, og held fram:

– Her er det ingenting som er bestemt. Departementet sine utgreiingar vil gi svar på kva ein vel å gjere, og avgjerda vil bli tatt i desember. Er det grunnlag for å gjere om kommersialiseringa, så vil dei gjere det. Dei forstår situasjonen for Florø, og tar den på alvor.

– Kjem de med denne saka no fordi det er valkamp?

– Nei, absolutt ikkje. Dette er ei sak vi har jobba mykje med sidan tidleg i sommar, og det er ein heilt spesiell situasjon, seier Melvær.

LES OGSÅ:

Vil ha eiga utgreiing av FOT-rutene 

– Urettferdig at vi ikkje har honnør-billettar

– Hallo? Vil dei innføre flymonopol igjen?

Artikkeltags