Tidleg påske gav nedgang i flytrafikken

Florø lufthamn

Florø lufthamn Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle flyplassane i fylket hadde stor nedgang i passasjertala i mars månad.

DEL

Årsaka til det er at påska kom tidleg i år.

8.060 flypassasjerar reiste til og frå Florø i mars månad, ein nedgang på -13,7 prosent frå same månad i fjor.

Samstundes auka talet på offshorereisande med nesten 11 prosent. Inkludert dei offshorereisande hadde Florø lufthamn 11.721 passasjerar i mars, og totalt blir då nedgangen på -8 prosent.

I Førde er nedgangen på -15,7, med totalt 6.698 passasjerar.

Sandane hadde ein nedgang på -11,3, med 2.695 reisande, og Sogndal hadde 4.969 passasjerar, ein nedgang på -19,1 prosent.

437 fly landa og letta i Florø i mars (-6,2 prosent), mot 322 i Førde (-8,8 prosent). På Sandane var det 194 flygingar (-5,8), og Sogndal 396 (-10.4).

Utanlandstrafikken auka

Så å seie alle lufthamnene i Norge hadde nedgang i mars månad. Totalt sett sank innlandstrafikken med 6,2 prosent, mens utanlandstrafikken auka med 6,7 prosent.

- Påska kom to veker tidlegare i år enn i fjor, og det påverker innlandstrafikken. I påska stoppar forretningstrafikken innanlands opp, seier Jasper Spruit, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Det mest populære reiselandet i mars var Spania, med nesten 260.000 passasjerar, ein auke på 30.000 frå fjoråret.

Tyrkia er også på full fart tilbake etter mange år med nedgang, og det er ein stor auke til De Forente Arabiske Emirater og Qatar.

Også Italia, Ungarn og Portugal hadde god prosentvis auke i mars.

Artikkeltags