Det var eit samrøystes Sogn og Fjordane Høgre som i dag vedtok resolusjon om omkamp om kommersialiseringa av Florø Lufthamn.

– I tillegg ser vi at store næringar er inne i ein lågkonjunktur som svekker passasjergrunnlaget, og slik er føresetnadane ytterlegare svekka, skriv fylkesårsmøtet i resolusjonen.

Les også: Høgre ber om omkamp

Fungerer ikkje slik det er i dag

Det var Florø Høgre som spelte inn resolusjonen til fylkesårsmøtet, og forslaget blei umiddelbart teke inn i varmen av resolusjonsnemnda.

– Tanken bak ein slik resolusjon er at viss ei slik kommersialisering skal fungere må det vere grunnlag for det, og meir enn ein tilbydar i marknaden. Så lenge det ikkje er slik, må ein sjå på det på nytt, seier Hanne Eva Husebø Kristensen, gruppeleiar i Florø Høgre.

- Er det håp for gjennomslag for ei slik reversering?

– Signala frå regjeringa har ikkje vore udelt positive for ein slik omkamp, men med denne resolusjonen håper vi å få sat saka på dagsorden igjen. Kommersialisering i seg sjølv kan vere positivt, men då må der ligge eit grunnlag for det. Det er det ikkje i Florø i dag. I dag blir det rett og slett ei feil konkurransevriding mot dei omliggande flyplassane, seier Husebø-Kristensen.

Les også: Dyrare til Oslo enn til New York

Må opp i Stortinget

Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen (Ap), synest det er flott at Høgre oppteken av Florø Lufthamn.

– Dersom ein skal jobbe for dette er det heilt avgjerande at Høgre sentralt støtter kravet, seier Teigen, og legg til:

– Ei reversering vil krevje at Stortinget gjer vedtak om det. Dessverre verkar regjeringa låst.

Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane har framleis ikkje vedteke politikk rundt lufthamna, men har heile vegen jobba mot kommersialiseringa gjennom fylkestinget.

– Ingrid Heggø har vore tydeleg mot å fjerne fot-rutene sidan start. Under Sogn og Fjordane Arbeiderparti sitt fylkesårsmøte neste helg, vil og Florø AP sende inn resolusjon mot kommersialiseringa, avsluttar Teigen.