Florø får ikkje tilbake FOT-ruter - vil kommersialisere Førde-Bergen

Florø lufthamn.

Florø lufthamn.

Det melder Samferdsledepartementet i ei pressemelding torsdag.

DEL

Torsdag lyste departementet ut konkurransen for drift av dei regionale flyrutene i Sør-Norge. I pressemeldinga om konkurransen står det at Florø ikkje kjem inn att på FOT-rutenettet.

Samstundes vel også departementet å kommersialisere flyruta Førde - Bergen, på grunn av låg trafikk.

– Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

84 lokale bedrifter har signert for å få tilbake FOT-rutene 

Ny konkurranse om lufttransporttenester i Sør-Noreg 
Konkurransen omfattar følgjande flyruter i perioden 1. april 2020 – 31. mars 2024. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. april 2019, og det nye tilbodet trer i kraft 1.april 2020:

  1. Røros – Oslo
  2. Førde – Oslo
  3. Sogndal – Oslo
  4. Sandane – Oslo
  5. Ørsta-Volda – Bergen
  6. Sogndal - Bergen
  7. Sandane - Bergen

Det nye flyrutekjøpet inneber altså at ruta Førde – Bergen ikkje lenger vil vere ein del av det statlege kjøpet av lufttransport etter 1. april 2020. Dette er mellom anna basert på det låge trafikknivået og ei ekstern utgreiing frå Møreforskning Molde AS.

Samferdselsdepartementet har gjort ei vurdering av om FOT-ordninga skulle bli utvida, men etter ei samla vurdering har departementet valt ikkje å utvide FOT-ordninga no.

Det vil seie at rutene frå Florø framleis vil vere kommersielle.
Samstundes vil føreslåtte tiltak for å betre rammelvilkåra for den regionale luftfarten kunne ha ei positiv verknad for kommersielle regionale ruter, meiner samferdsleministeren.

I denne konkurransen er det, som i konkurransen i 2016, sett krav til setekapasitet per år og minimumskrava til daglege avgangar er vidareført. Dei maksimale billettprisane blir konsumprisjustert.

Moglegheitene for å kombinere fleire ruteområder er utforma med tanke på å leggje til rette for konkurranse og samstundes hente ut stordriftsfordelar som kan gi lågare tilbodsprisar, melder departementet.

Vurderer avgiftene

Samferdselsdepartementet ønsker å betre rammevilkåra for dei regionale kommersielle flyrutene generelt, står det i pressemeldinga. Departementet sender difor på høyring eit forslag om på nytt å innføre fritak i den vektbaserte startavgifta for inntil 6 tonn, samt endre innflygingskostnadane. Begge tiltaka vil betre rammevilkåra for den regionale luftfarten og fleire kommersielle ruter.

Dette er FOT

For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive, kjøper staten lufttransporttenester etter ein konkurranse blant flyselskapa. Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav, forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT), til drifta av flyrutene. Desse krava omfattar mellom anna setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.

Artikkeltags