Sterk auke for Florø lufthamn

Florø lufthamn.

Florø lufthamn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Passasjertalet auka med over 12 prosent i oktober månad.

DEL

I oktober var det 12,2 prosent fleire flypassasjerar som reiste til og frå Florø lufthamn enn same månad i fjor.

Totalt 10.505 personar reiste til og frå flyplassen førre månad.

I tillegg kjem helikoptertrafikken offshore. Her var det 2949 passasjerar, ein auke på 9,2 prosent.

Også lufthamnene i Førde og Sandane hadde passasjerauke i oktober, med høvesvis 8044 passasjerar (+9,7 %) og 3108 (+0,7 %).

Sogndal hadde ein nedgang på 7,2 %, til 5042 passasjerar.

Det viser Avinor sin trafikkstatistikk for oktober månad.

Berre Florø har vekst

Ser ein året under eit, frå januar til og med oktober 2018, så er det nedgang på alle lufthamnene i fylket, unnateke i Florø.

Florø har hatt 80.752 passasjerar så langt i år, ein auke på 2,5 prosent. I tillegg kjem 27.441 offshorepassasjerar, ein auke på 7,7 prosent.

Flypassasjerar

Hittil i år, 2018:

Florø: 80.752 (+2,5)
Førde: 67.597 (-0,1)
Sogndal: 43.362 (-9,4)
Sandane: 28.085 (-7,6)
 

(Florø lufthamn har i tillegg 27.441 offshorepassasjerar så langt i år)

99 % regularitet

Florø lufthamn og Widerøe kan også sjå tiabake på ein oktober månad med ein regularitet på heile 99,2 prosent. To avgangar og to ankomstar vart innstilt i oktober månad. Punktlegheiten var på 90,2 prosent, då totalt 24 flygingar hadde forsinkingar på over 15 minutt.

Så langt i november er regulariteten i Florø på 97,9 prosent, fire flygingar er innstilt hittil denne månaden.

Framleis langt frå toppåret

Sjølv om pilene peikar oppover for Florø lufthamn, så er trafikken framleis langt under toppåret 2013. Så reiste 206.713 passasjerar til og frå kystbyen med fly eller helikopter.

Men i løpet av tre år, etter oljesmellen i 2014 og kommersialisering av lufthamna, forsvann 60.000 passasjerar. Dette førte til mellom anna til nedbemanning og redusert opningstid:

Artikkeltags