Færre flydde i juni

Florø lufthamn.

Florø lufthamn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Totalt reiste meir enn 5,1 millionar passasjerar over Avinor sine lufthamner i juni, ein vekst på 0,5 prosent samanlikna med året før. I Sogn og Fjordane gjekk passasjertala med.

DEL

- Juni er ein månad med både mange forretnings- og fritidsreisande, og passasjertalet viser kor viktig norske flyplassar er for norsk næringsliv, reiseliv og turisme, seier trafikkdirektør Jasper Spruit i Avinor.

Talet reisande innanlands sank med 1,2 prosent i juni månad, mens tal utlandspassasjerar auka med 2,4 prosent. Det var størst vekst i chartertrafikken, med 4,5 prosent auke, mens antall passasjerer som reiste med rutefly utanlands auka med 2,2 prosent.

I Sogn og Fjordane var det også færre passasjerar i juni enn same månad i fjor. 

Den største flyplassen, Florø lufthamn, hadde 8.996 ruteflypassasjerar, ein nedgang på 1,3 prosent.  Det var ein liten auke offshorereisande, på 0,5 prosent, så samanlagt hadde Florø 11.692 passasjerar, med ein nedgang på 0,9 prosent frå juni 2017.

Førde hadde 7.017 passasjerar, ein nedgang på 2,4 prosent. Sogndal hadde 5.581 passasjerar (-12,4) og Sandane 2.964 (-9,3 prosent).

Fleire offshorepassasjerar

Antall offshorepassasjerar auka med heile 11,2 prosent på landsbasis, noko som signaliserer auka aktivitet innen olje- og gassutvinning.

Antall kommersielle flygingar sank med med 1,7 prosent i juni. Innanlandstrafikken sank med 5 prosent, mens utlandstrafikken auka 4 prosent.

Av Avinor sine ti største lufthamner var det Oslo lufthavn (+2 prosent), Tromsø lufthavn (+1,3 prosent), Ålesund lufthavn (+ 2,1 prosent) og Kristiansand lufthavn (+ 1,8 prosent) som hadde passasjervekst i juni.

Stor chartervekst

Av dei regionale lufthamnene var det Svalbard som vaks mest, med 3400 fleire passasjerar i juni (+17,5 prosent).

Blant charterdestinasjonane var det spesielt sterk vekst til Hellas og Tyrkia i juni. Hellas hadde ein auke på 8.300 charterpassasjerer (+7 prosent), mens Tyrkia vaks med 5.800 passasjerar (+90 prosent). Blant ruteflydestinasjonane var det størst vekst til Polen og Frankrike, med høvesvis 19.800 (+20 prosent) og 18.500 (+22 prosent).

Til Tyrkia var det også sterk vekst i passasjerar på rutefly, med ein auke på 8 300 (+27 prosent).

Widerøe inngår samarbeid med Air France 

Artikkeltags