Norsk Fotball er på full fart inn i «Silly Season», med rykte, prøvespel og forhandlingar. Kven skal inn, og kven skal ut? Den første Florø-spelaren som dukkar opp i ryktebørsen er den polske keeperen Maciej Raniowski.

Raniowski kom til Florø før sesongen, og såg ut som ein solid signering. Som resten av Florø-laget fekk han kanskje ikkje vist sitt fulle potensial i 2021, men han har kvalitetar.

No melder TV Haugaland at Raniowski skal vere klar for Vard Haugesund.

Thomas Kinn har vakta buret for det tradisjonsrike Haugesundslaget, men han har no reist til Mjøndalen. Det var venta at Vard då skulle gå for ein lokal erstattar, men no ser det i staden ut til at det blir Raniowski som tek over keeperhanskane i klubben som spelar på tredje nivå i norsk fotball.

– Vard byter kvalitet med kvalitet og kjem ikkje noko dårlegare ut totalt sett, seier TV Haugalands fotballekspert Ferdinand Krohn Haaland. Han meiner 2. divisjonsklubben har sikra seg ein svært bra sisteskanse.

Vard har no stadfesta på sine heimesider at Raniowski har signert for to år med klubben. Dermed, blir Raniowski ståande med 21 kampar i Florø-drakta.