Radetzky-marsj av Johann Strauss den eldre er eit kjent og kjært stykke, som ofte får æra av å avslutte nyttårskonserten i Wien. Florø Hornmusikk har også gjort det til ein vane å avslutte sin tradisjonsrike nyttårskonsert i Florø Kirke med dette stykket. Så også i 2020. Strauss d.e. komponerte stykket til ære for den austerrikske feltmarskalken Josef Wenzel Radetzky von Radetz‎, og for å feire sigeren i slaget ved Custoza. Trass i at marsjen har eit tydeleg militært opphav, står fram den som meir festleg, enn strengt militær. Her kan de høyre hornmusikken i fullt vigør, under leiing av Torgeir Halvorsen, og dermed er det ikkje lenger nokon tvil. 2020 er her.