Slo Grete Waitz med seks sekund

Florø Friidrettsfestival 2018. Karoline Berkeli Grøvdal knuste ein Grete Waitz-rekord på 2000 meter.

Florø Friidrettsfestival 2018. Karoline Berkeli Grøvdal knuste ein Grete Waitz-rekord på 2000 meter. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Karoline Bjerkeli Grøvdal stod for den store rekord-bragda under Florø Friidrettsfestival.

DEL

Ho viste med tyngde at idretten er i utvikling og på distansen 2000 meter slo ho Grete Waitz si tid med heile seks sekund. Ved siste passering låg ho likt med Waitz, men avslutta knallsterkt.

– Veldig flott prestasjon, understrekar stemneleiar Rune Osa, som held på at han og Oddfrid Osa har arrangert sin siste friidrettsfestival.

– Du er heilt sikker? spør vi.

– Ja, dette var siste festival med meg ved roret. Eg greier ikkje dette utan kona mi Oddfrid, for ho er den som gjer den største jobben. Men når helsa sviktar, så er det slutt, understrekar han.

Elles baud stemnet på positive opplevingar for Øyvind Strømmen Kjerpeset som har starta opp igjen friidrettskarrieren sin og satsar på langhekken igjen.

– Eg sprang eit og eit halvt sekund fortare enn sist og var no berre eit halvt sekund etter EM-kravet. Det skal gå greitt, seier han.

Ben Jeffrey Benert hadde som mål å greie EM-kravet på 200 meter. Det greidde han med god margin, men resultatet vart underkjent på grunn av litt for mykje medvind.

– Eg hadde god flyt. Det var synd det var for mykje vind. Tida 22.19 viser berre at eg har det inne. Kroppen er fin og formen er bra, så eg reknar med at eg skal greie EM-kravet i neste stemne på Byrkjelo, seier han.

Karsten Warholm var i Florø som glanskastar og deltok i ein show-stafett med nokre oldboys-karar på laget. Dei konkurrerte mot fem lag frå skulane i Flora. Eit innslag som demonstrerte idrettsglede i solsteiken på Florø stadion. 

    Florø-festivalen 2018 var ei flott forestilling og oppvising i idrettsglede.

    Artikkeltags