Quiz

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

1: Ein by på Peloponnes halvøya i Hellas har namn frå det som var ei tidsrekning på fire år. Det er ikkje tidsrekninga som har gjort denne byen kjend i dag, det er det største idrettsarrangementet i verda. Kva heiter byen?

2: Den einaste øvinga i dei første olympiske leikane i år 776 f.kr. var eit løp kring ei bane på 190 meter. Dette løpet har gitt namn til det ordet vi brukar på ein arena i dag. Kva ord er vi ute etter?

3: Vinnaren av ei olympisk øving i antikken fekk ei symbolsk gåve. Gåva var beviset som gjorde at utøvarane kunne ta imot store formuar ifrå heimbyane sine som ærefulle olympiske vinnarar. Kva gåve var dette?

 

4: Som kjent blir dei olympiske leikane arrangert kvart fjerde år. Men då vinter- og sommar-OL vart så store omfangsrike arrangement, fann IOC ut at vinter-OL skulle arrangerast to år etter sommar OL. Kva år var det siste der sommar- og vinter-OL vart arrangert same år?

 

5: Det er tatt sju norske olympiske gull i friidrett. Det første i 1912 og andre i 1920 var i mangekamp, det fjerde var Vebjørn Rodal sitt legendariske 800 meter løp i Atlanta i 1996. Dei fire andre er tatt i same øving. Kva for ei øving?

 

6: Det var glovarmt på Melbourne Cricket Ground i 1956. Den norske spydkastaren Egil Danielsen er irritert over at dei norske leiarane ikkje hadde tenkt på å ta med drikke. Han er tørst av varmen og ligg på sjetteplass i konkurransen før fjerde omgang. No treff han på ein franskmann som har drikke. Men den er glovarm. I dei neste minutta gjer Danielsen frå Hamar to ting for første gong i livet. Kva gjer han?

 

7: Han er 17 år og har sagt han skal ta olympisk gull i Tokyo 2020 i ei løpsøving. Då vil han vere 19 år. Den einaste norske OL-vinnaren i ei løpsøving, Vebjørn Rodal, gir ambisjonen til ungguten ein sjanse. Kva heiter utøvaren vi snakkar om?

 

8: Verdsmeister på 400 meter hekk Karsten Warholm, kjem frå Ulsteinvik. Kva klubb konkurrerer han for?

 

9: Den eldste verdsrekorden i ei løpsøving på herresida er frå OL i Barcelona i 1992. Kva øving, kva utøvar og kva nasjon kjem han frå?

 

10: Eit land har 22 individuelle verdsrekordar på dame og herresida i friidrettens løpsøvingar. Kva land er det vi siktar til?

Fasit:

1: Byen Olympia er mest kjend for dei Olympiske leikane som til liks med omgrepet blir arrangert kvart fjerde år.

2: Stadion. Å springe rundt bana, det som i dag er ein 400 meter, vart kalla «Stadion-løpet». 

3: Ei olivengrein. Då OL var tilbake i Athen i 2004 fekk alle gullvinnarane ei olivengrein sett opp på hovudet slik dei olympiske vinnarane fekk i antikken.   

4: 1992 (vinter i Albertville og sommar i Barcelona)

5: Spyd. 1956 Egil Danielsen, 2000 Trine Hattestad, 2004 og 2008 Andreas Thorkildsen

6: Han drikk kaffi for første gong og han set ny verdsrekord i spyd (85.71 meter)

7: Jakob Ingebrigtsen

8: Warholm konkurrerer for Dimna IL

9: Kevin Young, 400 meter hekk (46.78) USA

10: Kenya

Artikkeltags