Skal vise seg fram mot Lillestrøm

Erik Eikeng kjem frå Odd, og er ein av dei tre som får prøve seg mot Lillestrøm i helga

Erik Eikeng kjem frå Odd, og er ein av dei tre som får prøve seg mot Lillestrøm i helga Foto:

Tre potensielle nye Florø-spelarar får sjansen til å vise seg fram i helga.

DEL

Florø og Terje Rognsø har eit ønske om å styrke laget med ein spelar i kvar lagdel før sesongstart. I helga spelar dei si første treningskamp for året, og der er tre kandidatar på plass melder NRK.

Landslagsdebut

Dei tre er Dejan Corovic, Dauda Bortu og Erik Eikeng. Corovic er ein anvendeleg forsvarsspelar, med over 70 kampar i 1 divisjon for Jerv og Arendal. Han er opphavleg telemarking, der han starta karrieren i Sundjordet IF, før han gjekk vidare til Pors Grenland. Corovic er 25 år gammal.

Dauda Bortu er født i Liberia, men har vakse opp i Norge. Han fekk i 2016 sin debut for Liberias landslag. Han var 19 år gammal, og spelte da for Bærum i andre divisjon. Fleire landskampar har det ikkje blitt på den unge spissen, og nå står han utan kontrakt. Bortu er eit stort talent som har slite med å ta steget opp på seniornivå. Kanskje kan han få hjelp til det i Florø?

Stolt telemarking

Tredjemann er Erik Eikeng, som dei siste åra har vore ein del av Dag Eilev Fagermos stolte telemarkingar på Skagerak Arena. Han kom til Odd frå Urædd før 2014-sesongen, og vart tatt opp i A-stallen hausten 2015. Han starta som midtbane/kantspelar, men har for andrelaget til Odd stort sett spelt på høgrebacken. I fjor på denne tida var han aktuell for prøvespel for Ranheim, men det vart avlyst. Fagermo uttalte den gongen at Eikeng var for god til å fly rundt på prøvespel, men no er han altså utan kontrakt og klar for å vise seg fram i Florø. Eikeng var den raskaste spelaren i Odd på førtimeterstesten for to år sida, og det seiest at han har alle føresetnadene for å ta steget og bli ein spelar på eliteserienivå. Eikeng har likevel slite med å ta steget opp på førstelaget i Odd, kanskje av di han har konkurrert med Espen Ruud om plassen på høgrebacken. Ruud har dei siste åra vore blant telemarkinganes beste spelarar, og knapt nok vore skadd. Kanskje kan eit opphald i Florø med regelmessig speletid vere det som skal til for å få Eikeng tilbake på sporet?

Det er no klart at Monir Benmoussa ikkje får forlenga kontrakten, medan Endre Kupen (Bodø/Glimt), Martin Hollevik (Sotra) og Erlend Hove (lagt opp) er ute av stallen sidan i fjor. Hittil er det berre færøyingen Patrik Johannesen som er kommet inn.

– Vi har 19 spelarar på kontrakt, men skal opp i 23 spelarar før seriestart. Det blir ein del spelarar innom på prøve framover, seier Rognsø til NRK.

Artikkeltags