Førde vil få uventa florøstøtte laurdag

STIMEN: Mange florøsupportarar kjem til å reise til Førde laurdag i håp om at erkerivalen skal stjele med seg eit poeng frå opprykksrivalen Nest-Sotra.

STIMEN: Mange florøsupportarar kjem til å reise til Førde laurdag i håp om at erkerivalen skal stjele med seg eit poeng frå opprykksrivalen Nest-Sotra.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Til helga vil florøfolk reise til Førde for å heie på Førde.

DEL

– Det å stille i Førdedrakter var visst for kraftig kost for enkelte, men vi kjem til å reise innover og støtte Førde på laurdag, seier Øyvind Årdal i supporterunionen til Florø Fotball «Stimen». Diskusjonen har gløda i sosiale medium. At det er kivingar mellom Florø og Førde har skapt entusiasme og interesse i Sunnfjord i mange tiår. At florøsupportarar reiser til Førde for å støtte naboen i ein sesong der begge speler i same divisjon, er likevel spesielt.

Men Årdal meiner dette handlar om å vise karakter. Å kunne støtte Førde i kampen mot opprykksrival Nest-Sotra meiner han faktisk er beint fram logisk.

«Haters gonna hate»

– Eg meiner samarbeid i Sunnfjord må til skal vi kunne få opp eit 1. divisjonslag. Det er sjølvsagt mange unge førdespelarar som vil finne det interessant å spele i Obosligaen, poengterer Årdal som meiner det er fullstendig misforstått patriotisme om ein må "hate" dei største rivalane for å kunne kalle seg ein ekte supporter.

No er situasjonen spesiell då serien skal leggast om. No må ein vere topp sju på tebellen skal ein kunne halde fram i den nye 2. divisjonen med to avdelingar mot fire i dag.

Førde slit i botnen av tabellen med 10 poeng, berre poenget over Sola. Dei har mista målgarantisten Øystein Myrkaskog til Åsane og har også slite på keeperplassen. Det er 17 poeng opp til sikker plass og dei har ni kampar å gjere det på. Dette er det dessverre lite realisme i. Dei har tapt dei seks siste kampane sine, derimellom 4–1 tap for jumbo Sola. Men Førde har slått sterke lag som Vard og Vidar på heimebane i år for å ikkje gløyme Brann i cupen. Siger over Nest-Sotra ville kunne skape den gløden som trengst når Førde til neste år skal bygge opp laget igjen.

Florø i storform

Florø Fotball har imponert på våren tidlegare år, men tapt form på hausten. No viser dei stigning i programmet, noko som er "mot normalt" for Florø Fotball.

Kampen mot Lørenskog var siste kampen på vårsesjonen for Florø. Det var heimesiger med 1–0 og rekordhøge 30 poeng. Det var 16. juli. No ein månad seinare har Florø full haustpott med 12 poeng. Dei har betra poengtapa dei fekk heime i opninga mot Fyllingsdalen og Egersund med to sterke sigrar borte. Dei har også solide heimesigrar mot Stord og no laurdag ein av dei største førehandsfavorittane, Vard Haugesund.

Vard viste i kampen at dei har kvalitetar i laget, men Florø står fram med ein heilt annan sjølvtillit på heimebane no to kampar etter Lysekloster-tapet.

Konkurrenten i toppen, Nest-Sotra har levert med fire sigrar og ein uavgjort i haust, men poengtapet mot Vard 6. august gjorde at dei fekk Florø ved sidan av seg i toppen av tabellen. No er det «a two horse race» i Oddsenligaen. Kvaliteten dei to laga i toppen viser mot resten tyder også på at dei har det som skal til for å overleve i Obos.  

Til helga skal Nest-Sotra til Førde, og Florø sin erkerival vil med siger mot strilane meir enn doble sin status i kystbyen. Og mange folk frå Florø kjem til å reise austover for å heie på Førde laurdagen då Florø ikkje speler før søndag.

Nest-Sotra kjem til Sunnfjord etter overtydande 6–1 siger mot Frigg. Men, som vi no veit, vann gjorde også rivalen Florø i toppen heime laurdag.

Artikkeltags