Han skal leie Stimen

LEIAR: Jon Håvard Strømsnes er vald til den første leiaren i supporterklubben Stimen. Foto: Linda Regina Bruvik

LEIAR: Jon Håvard Strømsnes er vald til den første leiaren i supporterklubben Stimen. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag kveld vart supporterklubben Stimen offisielt danna, og Jon Håvard Strømsnes vart vald til klubbens aller første leiar.

DEL

19 personar møtte fram for å vere med på danninga av Florø Fotball sin første supporterklubb. Møtet starta med at initiativtakarane Fredrik Helland og Jon Håvard Strømsnes informerte om tanken bak og ønska for ein organisert supporterklubb.

Florø Fotball var også representert. Arild Melvær informerte om førebuingane til Obosligaen, uttrykte ønske om eit positivt samarbeid med supporterklubben og ønska lykke til.

Vedtekter og styre

Vidare vart klubben formelt danna, ved å vedta eigne vedtekter basert på Norsk supporterallianse sine standardvedtekter, og å velje eit eige styre.

Etter skriftleg val, der alle som ønska det kunne melde sitt kandidatur, vart Jon Håvard Strømsnes vald til leiar. Fredrik Helland vart nestleiar.

Med seg i styret får dei Kurt Midtbø, Kurt Ask og Ida Ellingsund Redal. Vara er Andreas Grøneng, Ivan Engen og Knut Andor Nesse.

 stimen

Familievennleg

Fleire av dei frammøtte var opptekne av at supporterklubben må vere for folk i alle aldrar. Noko den nyvalde leiaren også stadfesta.

– Vi skal vere ein familievennleg folkesupporterklubb for Florø, sa Strømsnes.

Det kom også forslag om ein eigen «Småstim»/barnestim, som styret skal ta med seg i det vidare arbeidet. Det må vere lett for barn og familiar å vere med, var det stor semje om.

Styret får mykje å gjere med å stable på beina ein supporterorganisasjon framover mot seriestart 1. april.

- Ein sosial plass for alle

Stimen skal vere den offisielle supportergjengen for Florø, ein sosial plass for små og store. Det seier nyvald leiar Jon Håvard Strømsnes til Firdaposten.

– Målet med å danne supporterklubb no er at vi skal organisere oss, vere samstemte, og ha eit felles mål for kva vi skal gjere i 2017. Og ha ein plan for kva vi skal hjelpe klubben med i år.

Når kan ein melde seg inn i Stimen?

– Så fort vi i styret har fått eit medlemssystem opp å gå. Vi må først registrere oss i Brønnøysund, slik at vi kan lage medlemslister og ta imot betaling. Men dette er noko styret vil prioritere å jobbe med. Jo fortare det er på plass, jo betre, og vi vil informere fortløpande, seier Strømsnes.

Fordelar

Styret vil også prøve å få på plass ulike medlemsfordelar før dei opnar for innmelding.

– Vi vil ikkje at folk skal melde seg inn berre for å støtte Florø, berre fordi ein heiar på fotballaget. Sånn sett er jo alle i Florø ein del av Stimen. Vi vil at dei som melder seg inn har ein grunn til det, og at dei skal få noko att for å vere medlemmer.

Det skal ikkje vere dyrt å vere med i supporterklubben, og dei kjem til å lage pakkeløysingar for familiar, lovar Strømsnes.

Medlemsavgifta klubben får inn skal mellom anna brukast til supporterutstyr og på ulike fordelar til medlemmene.

Logo-konkurranse

Stimen har no lyst ut ein konkurranse om å lage logo til den nye supporterklubben.

Konkurransen er open for alle, og ein må sende inn forslag på e-post til florostimen@gmail.com innan 27. januar.

Artikkeltags